JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Lesekultur og tilbakeblikk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4684
20231117
4684
20231117

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Bøker

Papirbøker ut til lesarar syner nedgåande tal. Har ein analysert kva konsekvensar dette kan få for enkeltindivid og samfunn?

Boksalet stuper, skriv Bernhard Ellefsen i Morgenbladet i si oppsummering om boksal i september 2023. Forleggerforeningen har moderert desse tala noko i sin statistikk, men syner også til nedgang.

«­– Mangelen på oppdaterte læremidler og skolebøker i norske klasserom er dramatisk for både elever og lærere, og dette må regjeringen ta på større alvor» seier styreleiar i Forleggerforeningen, Arne Magnus, mellom anna i sin kommentar til statsbudsjettet.

Nokre av hovudfunna i den internasjonale studien Progress in International Reading Literacy Study 2021 syner at norske tiåringar melder om minst leseglede av alle som er med i undersøkinga. Norske skuleborn har også markant nedgang i leseresultat og leseprestasjonar.

I eit tilbakeblikk hugsar eg ein skule der lesing og konsentrasjon vart vektlagt. Det var aksept for at skulen var svært viktig og at lærarane skulle vera leiarar. I lesestundene kom landskap, hendingar og personar fram. For oss var det spenning, fryd, innleving, empati og gjerne påfølgjande engasjement. Dette var gode fellesopplevingar som gav vi-kjensle.

Kvifor er det nedgang i leseinteresse? ’Vi må ha fleire bøker, leseaksjonar og bibliotek’, svarar mange. ’Bort med skjermane som tek all tid’, er også vanlege svar. Det er dette, men gjerne også fleire forhold. Det er ikkje minst grunn til å sjå på lese- og informasjonskulturen kring barn og ungdom.

Har vi ein bokkultur? Dagens foreldre må svara sjølve, men er ikkje inntrykket at kampen med tida, eiga nettsurfing, trening og anna tek mykje tid? Mange vil lesa med borna, men opplever at skjermane konkurrerer om merksemda. Vi har ei klimakrise, lærer borna på skulen. Seriøse aktørar på nettet kan snu opp ned på heimeleksa og hevdar at miljø- og klimaproblem berre er tull og bløff. Meiningsbryting og kjeldemangfald skal vera del av opplæringa, men kvalitetssikra kunnskap frå skulen bør vera krav og argument for gode lærebøker. Eit hav av motstridande informasjon skaper uvisse og resignasjon. På nettet flyt innslag retta mot ungdom. Mat, kropp, kjønn, mote, trening og ei stadig kjensle av å ikkje strekkja til, er det mange fortel om.

Korleis stimulerer skulen til lesing av bøker? Det blir sagt at mange, særleg gutar, misser taket på meininga med skulen, og at læringsøktene har vorte meir utydelege på grunn av stor valfridom og sjølvråderett. Kjapp informasjon mot læringsmål, for så og gløyma, kan bli resultatet av ein skule som har mange kunnskapsmål og ein kontekst som verdset mengder av mål og mindre verdien av innsikt. Det hjelper ikkje å syna elevane bøker når knapp tid og trua på boka kan vera lite tilstades i kulturen kring dei.

«At den konsentrerte lesningen av vanlige bøker blir for spesielt interesserte er selvsagt synd for oss som mener at litteraturen er en unik og uvurderlig kunstform, men det er enda verre når man prøver å se for seg hvordan et ikke-lesende samfunn skal løse noe så komplisert som klima- og naturkrisen», skriv Bernhard Ellingsen i sin artikkel i Morgenbladet, og held fram: «Jeg har veldig vanskelig for å forstå hvordan kulturen kan forholde seg såpass likegyldig til dette verktøyets (bokas) tiltagende marginalisering.»

Treng vi nye blikk på eigen bokkultur? Eg synest at det er ufatteleg trist at norske born melder om lite leseglede. Det er grunn til å reflektera kring opplæringa og læreplanen, eigen lesekultur og samfunnet si vektlegging av lesing og bøker. Heldigvis har det kome positive signal om endringar frå den nye kunnskapsministeren, Kari Nessa Nordtun.

«Fortida gjev oss ein annan inngang til samtida. Fortida får oss til å tenkja omkring det vi er midt inne i.» Eg var sjølv glad i lesebøkene mine og trur derfor på lesebøker (fysiske bøker) som er tilpassa aldersgrupper. Skriveøkter med tenking kring tema og samfunn medverkar til identitet og tryggleik om ein får respons og oppmuntring. Auka forståing og kjensle av meining kan oppstå om ein får tid til å lesa og samtala i fellesskap. Høgtlesing er undervurdert. Ro kring tekst, ordbilete og språk gjev leseferdigheit og fundamentet til lesekompetanse og interesse for fag.

Vi er i ei ny tid med skjermar og lydbøker. Alt tyder likevel på at papirbøker og skrivebøker bør få meir plass. Det er i dagleg handling at skule, nærmiljø og samfunn syner born og ungdom kor mykje vi verdset bøkene. Ein må gå lenger enn til bokhaugar, snakk og overflate om det er eit mål å endra den kulturen vi no har, i retning av leseinteresse og bokkultur.

Anne Karin Fonneland er forfattar og tidlegare lærar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis