«Lenge har eit rom for ulike formspråk i den offentlege arkitekturen vore uhøyrt.»
Brudeferda i Hardanger justert med modernistisk arkitektur? Døme på slike innslag i landskapet breier seg snøgt over landet, meiner artikkelforfattaren.
Biletcollage av Signe Barratt Rafoss
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Arkitektur
Elendig tilpassa utbygging rundt om i landet bryt ned natur og landskap som er av det fremste nasjonen vår har å by på. Eg er glad for å lesa at også Ottar Grepstad ser med ulyst på mykje av dette. (Innlegg av Grepstad i Dag og Tid 18. oktober). Difor skulle det ikkje vera naudsynt at han dreg til med slike harde ord mot arkitekturopprørarane som slåst mot forflatinga av landskapet i by og bygd.
Grepstad tillegg meg diverre nokre mystiske meiningar som eg ikkje kjenner meg att i. Læra om logikken kallar dette å fekta mot ein stråmann som ikkje finst. Sterke argument treng ingen stråmenn.
Utsegna hans om at kritikarane av modernistisk og brutalt byggeri er «autoritære», råkar ikkje heilt blinken.
Om den retninga som kallar seg modernisme, hadde vore ei av fleire retningar innan offentleg arkitektur i dag, ville han truleg vore lettare å halda ut med. Men lenge har eit rom for ulike formspråk i den offentlege arkitekturen vore uhøyrt, av di den såkalla modernismen har rådd eineveldig over alle offentlege byggeprosjekt gjennom den siste menneskealderen, mens andre retningar har vore utestengde og forviste. Der ligg makta. Der ligg det autoritære.
Hadde dei late dei tusen blomar bløma, for sitera Mao i ei av hans betre stunder, hadde det vore til å bera.
Eg sluttar aldri å undra meg over korleis dette hegemoniet og denne einsrettinga har kunna halda det gåande så lenge. Det ville vore frigjerande å lata eit aldri så lite glytt av mangfald sleppa til.
Arkitekten Einar Jarmund, som sjølv har vore blant dei leiande modernistane, sette nyleg på eit debattmøte i Oslo søkeljos på ein viktig grunn til at mykje har gått gale: «Det er eit problem for arkitektar i dag at dei nektar seg sjølve den støtta dei kan finna i tradisjonen», sa han. I staden, hadde han observert, freistar mange av dei å taka etter nonfigurativ skulptur frå samtida når dei formar hus. Derfrå er det ikkje alltid lett å finna ein tilknyting til den lokale staden, omgivnaden og praktiske krav hjå brukarane.
Saknet i eit land som vårt er ikkje fyrst og fremst retta mot den klassiske stilen med sine søyler og aksar. Kva sume saknar er heile rikdomen og variasjonen i det som vert kalla den tradisjonelle estetikken, som har fylgd menneska i minst eit par tusen år, inntil han vart lyst i bann under det modernistiske herreveldet. For ein kvar pris skulle dei unngå å bringa vidare noko av det som hadde vore før, anten formspråket hadde vore klassisk, folkeleg tradisjonelt, lokalt eller regionalt.
Forfedrane våre tok sine rådgjerder mot kulde og mørke i eit land langt mot nord. For å gjera livet litt lognare og ljosare på breiddegradane våre, av trong til å halda motet oppe, kunne dei rusta seg med varme fargar og frodig dekor, fargesterke bunader eller samekufter, rosemåling som nekta seg lite av det overdådige, og treskurden som Grepstad i sitt innlegg har plassert på museum – stundom i eit overskot av utsmykkingsglede og snikkarglede mange stader.
Ingen treng tvinga oss til å lata dei iskalde flater og dei kliniske puritanske tonar rå grunnen aleine, i eit land som er kaldt nok frå før, og ribba for fargar i naturen store delar av året.
I mange andre land i Europa har eg oppdaga at vernet av lokalmiljø har vore sterkare enn det er hjå oss. I område med ry for særskilde landskapskvalitetar set dei krav til å ta vare på samlivet mellom landskapet og bygningsmiljøet, og til å dempa ned invaderande byggverk. I England kallar dei det «Areas of Outstanding Natural Beauty» (i Skottland «National Scenic Areas») med retningsliner for at nye bygningar vert forma med respekt for særpreget i området. Jamvel Coop og Spar har dei forma med respekt i slike trakter!
Det same gjeld i andre europeiske land, som Frankrike, Tyskland, Austerrike, Sveits, Italia og så bortetter. Slike føresegner burde vore sjølvsagde i nokre av dei mest sårnæme landskapa her heime.
Eg er overtydd om at Ottar Grepstad, som ein høgt akta talsmann for det nynorske språket, er oppteken av å ta vare på også slike sider ved norsk kultur.
Lenge har vi trudd i Noreg at vi hadde natur og landskap i grenselaus overflod, men den tid er forbi.
Fram til midt på 1900-talet vart ikkje minst Bygde-Noreg pryda med ein særskild velforma og vakker offentleg arkitektur, som vi framleis kan gleda oss over til dømes i skulebygnader, stasjonsbygnader, samfunnshus og rådhus frå den tida, reist med omsut og vyrdnad for norsk arv og landskap, med ein sjarm som bur i huset. Dei var fattige på ressursar, men dei fekk det til.
Dette ordskiftet starta med ein debatt om Sverre Fehn som eg ikkje til nå har teke del i. Fehn var ein moderne arkitekt med poetiske siktemål, med eldhuga tilhengjarar, som Grepstad, og kvasse kritikarar, som Grepstad sjølv har peika på, kvassast av alle Arne Skouen og Gerd Benneche i Dagbladet, som dømde han nord og ned.
Eit forsvar for Fehn kan vera godt nok utan å gå laus på dei som gjer opprør mot å fylla landet med åndsforlatne kasser.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.