Leiting er lønsamt – svært lønsamt

Publisert

Per Anders Todal skriv om lønsemd av leiting i Dag og Tid i utgåva den 27. august, og han kjem med ei retting sist veke. Det vert fort misvisande med slike grove reknestykke som Todal legg fram. Oljedirektoratet har gjort omfattande utrekningar av dette i den siste ressursrapporten, som kom ut i fjor. Dette gjer vi som ein del av samfunnsoppdraget vårt.

Oljedirektoratet sine utrekningar viser at dei siste ti åra (fram til og med 2019) er det gjort mange lønsame funn, og at investeringane gjorde i leiting i desse åra har gitt god avkastning til det norske samfunnet. Vi har brukt reelle prisar for olje og gass produsert fram til 2020, og prisar for framtidig produksjon på om lag same nivå som vert nytta i Perspektivmeldinga.

Utrekningane viser at 1000 kroner investert i Nordsjøen over tid vil gi 3400 kroner i avkastning. Tilsvarande tal for Norskehavet og Barentshavet er 1500 kroner og 2500 kroner. Dette er verdiar utover sju prosent avkastning. Det vil seie at det er verdiskaping vi får i tillegg til å ha 1000 kroner i banken til sju prosent rente.

Ein av grunnane til at leiting er så lønsamt, er at vi alt har ein omfattande infrastruktur med produksjonsplattformer og røyrleidningar. Her kan nye funn koplast til for ein relativt rimeleg penge, og dermed kan sjølv små funn skape store verdiar. Det er også viktig å ta med at når nye funn blir knytte opp slik, vil det bidra til å forlenge levetida og auke lønsemda for eksisterande felt, noko som ikkje er inkludert i våre utrekningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement