Leiting er lønsamt – svært lønsamt
Økonomi
Per Anders Todal skriv om lønsemd av leiting i Dag og Tid i utgåva den 27. august, og han kjem med ei retting sist veke. Det vert fort misvisande med slike grove reknestykke som Todal legg fram. Oljedirektoratet har gjort omfattande utrekningar av dette i den siste ressursrapporten, som kom ut i fjor. Dette gjer vi som ein del av samfunnsoppdraget vårt.
Oljedirektoratet sine utrekningar viser at dei siste ti åra (fram til og med 2019) er det gjort mange lønsame funn, og at investeringane gjorde i leiting i desse åra har gitt god avkastning til det norske samfunnet. Vi har brukt reelle prisar for olje og gass produsert fram til 2020, og prisar for framtidig produksjon på om lag same nivå som vert nytta i Perspektivmeldinga.
Utrekningane viser at 1000 kroner investert i Nordsjøen over tid vil gi 3400 kroner i avkastning. Tilsvarande tal for Norskehavet og Barentshavet er 1500 kroner og 2500 kroner. Dette er verdiar utover sju prosent avkastning. Det vil seie at det er verdiskaping vi får i tillegg til å ha 1000 kroner i banken til sju prosent rente.
Ein av grunnane til at leiting er så lønsamt, er at vi alt har ein omfattande infrastruktur med produksjonsplattformer og røyrleidningar. Her kan nye funn koplast til for ein relativt rimeleg penge, og dermed kan sjølv små funn skape store verdiar. Det er også viktig å ta med at når nye funn blir knytte opp slik, vil det bidra til å forlenge levetida og auke lønsemda for eksisterande felt, noko som ikkje er inkludert i våre utrekningar.
Oljedirektoratet skal levere fakta og analysar om norsk sokkel, ein del av dette er å rekne på kor lønsamt det er å leite. Det er dei folkevalde på Stortinget som avgjer petroleumspolitikken. Då er det viktig at avgjerda blir tatt på eit mest mogleg korrekt og heilskapleg grunnlag.
Torgeir Stordal er direktør for teknologi og sameksistens i Oljedirektoratet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.