Leif B. Lillegaard – også i TrondheimLeif B. LillegaardArnulf GrutI ein særs og brei omtale av fenomenet Leif B. Lillegaard, slik vi fekk i Dag og Tid nr. 20, kan det kanskje høve å minne om at han gjennom nokre av sine mest skapande år – 70-åra – hadde b
I ein særs betimeleg og brei omtale av fenomenet Leif B. Lillegaard, slik vi fekk i Dag og Tid nr. 20, kan det kanskje høve å minne om at han gjennom nokre av sine mest skapande år – 70-åra – hadde base i Trondheim. Han sa han treivst best i det han kalla «gynga mellom Dovre og Saltfjellet». Marienlyst-miljøet hadde han eit kjølig, men – ein må vel kunne seie – korrekt forhold til, og han skildra det på sitt fyndige vis: «Der er for få med ballonger, og for mange med knappenåler.»
Denne avmålte haldninga hadde sine grunnar. Etter frilansing i «Kortbølgen», den dåverande sendinga til nordmenn i utlandet, kom det på tale med fast tilsetjing. Då fekk han høyre frå høgt hald at han, med det språket, ikkje hadde noka framtid i NRK. Det var vel også dei i det konvensjonelle leftistmiljøet på Marienlyst som tykte det var uhøyrt å tilsetje den tidlegare nattredaktøren i Morgenbladet, dit han, som det vart sagt, kom på motorsykkel med landbruksskulen i bagasje.
Då Torolf Elster kom til NRK, vart det også på denne platten ein annan dans. Elster, og etter kvart svært mange som høyrde på, såg eit talent i den ustoppelege folkelivsskildraren, som sjeldan skrudde av opptakaren med mindre det var for å skifte batteri.
Mange, ikkje minst i våre sentrale strok, gjer den feilen at dei forvekslar munnleg tale med dialekt dersom det ikkje er austlandsk tonefall. Difor oppfatta mange Leif B. Lillegaard som dialektbrukar. Sanninga er at Leif B. Lillegaard snakka «sirlig riksmål» med aksent frå Sandnessjøen, der han kom frå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.