Ofte glepp det ut påstandar som absolutt ikkje burde vore sagde, eller ein skriv avisartiklar utan å forstå effekten av sine eigne ord.
Trygve Hegnar gjer det på sin måte. I Finansavisen 16. august deler han frimodig ut diagnosar om kongefamiliemedlem Marius Borg Høiby under tittelen «Psykoen som sprenger kongefamilien». 27. august er han ute igjen med diagnostiseringa av Høiby. «Ekspertene får bruke den kunnskap de har om psykologi. Basert på alt vi har sett og hørt i Marius Borg Høiby-saken, har kongefamilien en psyko i sin midte.»
Tekstane handlar om Høiby, som er sikta for mellom anna kroppskrenking og skadeverk. Det er alvorleg å komme med trugslar og å slå ein kjærast. Det er alvorleg å ruse seg på kokain og miste kontrollen. Det er i grunnen mykje som er alvorleg og dumt. Å dele ut diagnosar utan kunnskap, til dømes.
Kvar dag kjem vi opp i situasjonar der vi er nøydde til å ta val, med dei konsekvensane det får for oss sjølv og andre involverte. Noko anna er reaksjonane til alle andre, dei i randsona rundt – og fridomen dei tek seg til å meine sterkt. Media, til dømes.
Høiby slit psykisk, seier han i ei uttale til NRK. Kva han lir av, veit eg ikkje. Det er i grunnen det same for meg. At det er ei plage for han, trur eg visst.
No og då spelar den psykiske helsa oss eit puss. Nokon møter ein berømt vegg, eller dei får påvist ein sjukdom som dei ikkje visste om. Mange får hjelp, og dei finn vegar ut av det som plagar dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.