JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Lærebøker svekker nynorsken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3793
20210618
3793
20210618

Utdanning

Dei nye lærebøkene i norskfaget ignorerer sentrale mål i Kunnskapsløftet. Det går ut over opplæringa i nynorsk.

Med nye læreplanar følgjer nye lærebøker. Denne våren skal mange skolar velje den læreboka som vi trur er den beste for elevane våre. Lærebok er viktig. Sjølv om det finst eit mangfald av gode digitale undervisningsopplegg, oppgåver og tekstar der ute, er det naudsynt å ha ei felles bok i klasserommet. Nettressursar er også bra, men dei vil berre bli eit supplement til den fysiske boka. Heldigvis er det mange gode lærebøker å velje mellom. Alle store forlag kastar seg inn i kampen for å selje: Vel boka vår!

Ja, dei nye lærebøkene for norskfaget ser ved første gjennomlesing fine ut. Intertekst frå Fagbokforlaget, Grip teksten frå Aschehoug, Appell frå Gyldendal, Moment frå Cappelen Damm. Bøkene har ulike innfallsvinklar, men er ordentleg på alle vis. Nokre kapittel er på nynorsk og nokre på bokmål. Eit lite tekstutval på svensk og dansk er i tråd med LK20. Hurra for det.

Dessverre blir det som er bra med lærebøkene overskygd av ei stor synd: Tekstutvalet på nynorsk er for dårleg. Ja, nynorsktekstar er nesten fråverande i enkelte av verka. Spesielt gjeld det sakprosatekstar. Det står i kontrast til dei fagre orda i læreplanen om at elevane i løpet av 13 års utdanning skal møte eit rikt utval av tekstar på bokmål og nynorsk.

I kompetansemåla i den nye læreplanen i norsk på småtrinna på skolen les vi fine ord om korleis elevane våre skal bli kjende med skriftkulturen i både bokmål og nynorsk. Dette er ein raud tråd gjennom heile utdanningsløpet. Eit av måla for norskopplæringa i sisteåret på studieførebuande fag er at elevane skal «analysere og tolke romaner, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk fra 1850 til i dag og reflektere over tekstene i lys av den kulturhistoriske konteksten og egen samtid». Da er det rart at elevane møter tekstsamlingar der det nesten ikkje finst tekstar på nynorsk. Eit døme er Gyldendal og Appell:

- Appell, Vg1 SF: av 48 skjønnlitterære samtidstekstar er 6 på nynorsk, av 21 sakprosatekstar er 1 på nynorsk. Legg vi saman dette, er 7 av 69 tekstar på nynorsk!

- Appell, Vg2 og Vg3: av 41 tekstar frå 1850 til 2000 er 11 på nynorsk, og av 29 samtidstekstar er 5 på nynorsk. Til saman er 16 av 70 tekstar på nynorsk.

Korleis kan Appell med denne tekstsamlinga vere til hjelp for norsklæraren og elevane når dei skal analysere og tolke tekstar på nynorsk? Jo visst er vi lærarar flinke til å bruke andre kjelder når vi skal finne gode tekstar, men da er jo noko av poenget med å bruke mykje pengar på ei ny lærebok borte. Dette er svakt, Gyldendal!

Ein annan merkeleg og trist observasjon i Appell er den språkdiskrimineringa enkelte forfattarar blir møtt med. Introduksjonen til forfattarar som Tarjei Vesaas, Aasmund Olavsson Vinje og Olav H. Hauge står på bokmål: «Han var en av de første forfatterne som tok i bruk Ivar Aasens landsmål, både i journalistikken og i diktingen sin.» Det same er oppgåvene til tekstane deira: «Hvordan kan disse tingdiktene handle om noe menneskelig?» Kanskje ikkje eit større poeng i seg sjølv, men det er eit pussig grep så lenge bokmålsforfattarane konsekvent blir introdusert på bokmål.

Ser vi i dei andre lærebøkene som er aktuelle for dei studieførebuande programområda, er teikninga den same, med eit noko positivt unnatak i Fagbokforlaget og Intertekst. Det er greitt at bokmålstekstane er i majoritet, men treng dominansen å vere så total? Det er spesielt svakt at utvalet av sakprosatekstar på nynorsk nesten er fråverande. Her er det så mykje bra å velje i. Det er berre å ta ein titt i til dømes Dag og Tid, Klassekampen eller Nationen, og du skjønner kva eg meiner. Snakk om latskap.

Espen Tørset er lektor.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis