JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Læraren

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2114
20221125
2114
20221125

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Georg Johannesen

Det er kome fleire motinnlegg til Kaj Skagen sitt lange stykke om Georg Johannesen i Dag og Tid 4. november. Eg for min del vil peika på at Skagen har eitt godt poeng, som han diverre ser ut til å ha misforstått. Kaj Skagen skriv: «Når ein les Fidjestøls biografi, vert ein slått av korleis lærarrolla står fram som det mest varige draget i Georg Johannesens verksemd, og korleis han med rettleiinga til Ars moriendi nærast vil vera lyrikklærar òg når han skriv dikt sjølv.»

Det er på sin plass å trekkja fram lærarrolla, og nettopp som eit varig drag i verksemda. Georg Johannesen var lærar av yrke («norsklærar på norsklærarskulen», sa han gjerne). Det er ikkje noko påfallande i at ein lærar har elevar; litt meir påfallande at desse vert omtalte med gamalvorne ord, som «disiplar» eller «læresveinar», men det får stå for rekninga til dei som skriv slik. Også andre viktige og karismatiske lærarar ved Universitetet i Bergen, som Stein Rokkan og Fredrik Barth, er stundom blitt omtalte i liknande vendingar, utan at dette naudsynlegvis skal vera nedsetjande.

Kor som er: Vi var mange som oppfatta Georg Johannesen som lærar, slik såg han også på seg sjølv, og slik er det framleis mogleg å lesa det han skreiv. Å skriva og å omsetja dikt er å læra å skriva dikt, og såleis er alle som gjev ut lyrikk, også lyrikklærarar anten dei veit det eller ikkje: Dei gjev døme på korleis å bruka språket. Titlar som Ars moriendi og Ars vivendi gjev i seg sjølv klåre hint om at Georg Johannesen med vitande og vilje skreiv seg inn i ein didaktisk tradisjon. Læredikt vender seg til læreviljuge; det gjeld òg lærestykke i prosa, så som essay og lærebøker.

Georg Johannesen venta ikkje, og ynskte heller ikkje, at elevane skulle vera samde med han. Derimot meinte han at ein undervisningssituasjon har til føresetnad at lærar og elev deler ein vilje til å læra, noko som òg gjeld den forma for langsam fjernundervisning som lesing og skriving utgjer.

Hans Marius Hansteen er dr.art. og førstelektor ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis