Laksedreparen kan utryddast HAVBRUKIVAR HELLESNESOSLOLaksedreparen, den millimeterstore marken , blei på 70-talet introdusert fire gonger i norske elver. Kvar gong var det innførsel av yngel eller smolt frå

Publisert

Laksedreparen, den millimeterstore marken Gyrodactylussalaris, blei på 70-talet introdusert fire gonger i norske elver. Kvar gong var det innførsel av yngel eller smolt frå Østersjøområdet der laksen har levd i eit balansert tilhøve mellom vert og parasitt. Den norske atlanterhavslaksen har ikkje den samme motstandskrafta 舑 og yngelen dør. Til nå har parasitten tatt livet av yngel i 50 elver langs heile kysten vår. Dyrehelse- og miljøstyresmaktene var tidleg på banen og la band på dei infiserte elvene. I tillegg forbaud dei oftast fiske og påla desinfeksjon av utstyr som skulle flyttast til andre vassdrag.

Samstundes var våre flinkaste fagfolk med og la planar for korleis vi kunne få bukt med det framande smittestoffet. Valet fall på plantegifta rotenon, og ho blei brukt med hell i ei rekke små vassdrag dei første åra. Ein utrydda laksen i elvene og fekk dermed også has på parasitten. Då same metoden blei brukt på større vassdrag, til dømes Lærdalselvi og Steinkjerelvene, blei det tilbakeslag. Somme stadar i tilrenningsområdet hadde nokre infiserte laksungar overlevd og deretter infisert resten av populasjonen.

Dette førte på 90-talet til ein grundig gjennomgang av metodikken, og ei rekke endringar blei gjorde. Det viktigaste var høgare konsentrasjon av rotenon, men også innføring av doble behandingar i elvene. Resultatet er at ein nå har kunna friskmelde i alt 32 elver. Vidare er 11 elver i ein friskmeldingsprosess (Skibotnelvene og Romsdalselvene).

Det var stor glede både i Lærdal og i Vefsn/Mosjøen då elvene der blei erklært friske av Mattilsynet tidlegare denne hausten. Nå kan laksefisket ta seg opp og gje aktivitet og inntekter til lokalsamfunna igjen.

Dei to siste regionane som ein ikkje har behandla ennå, er Drammens- og sunndalsregionane, den sistnemnde med Driva som har 9 mil lakseførande strekning. Her har ein nå bygd ei sperre som hindrar laksen i å gå opp, noko som om nokre år vil føra til at den øvre delen blir fri for laks og dermed også for smittestoffet. Då treng ein berre behandla den nedre delen. For Drammen er det ein komité i sving for å greie ut om det er råd å behandla elva og korleis det då skal gjerast.

Norsk institutt for vannforskning kom på starten av 2000-talet opp med ein idé om å nytta aluminium i behandlingane. I surt miljø tar det stoffet livet av gyroen 舑 og ikkje laksen! Altså det motsette prinsippet av det som hadde vore brukt til då. Metoden blei i 2011 og 2012 brukt i Lærdal, og i haust kunne Mattilsynet, etter at det hadde vore analysert over 3000 prøver dei siste åra, konstatera at elva var smittefri. Styresmaktene har nå to ulike metodar å velja mellom ved seinare behandlingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement