Lagleg til for hogg
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Livssyn
Eivor Andersen Oftestad synest eg burde skjøna at når ho skriv at nestekjærleiken ikkje var ei naturleg haldning i den norrøne kulturen, så meiner ho tvert imot at det var nett det han var. Grunnen til at eg ikkje forstår det, er at «her ligg Aareskjolds fordommar tjukt på leseglasa».
Tja. Som det står i evangeliet etter Matteus, kapittel 7, vers 3: «Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var?»
Her er meir enn ei flis å spikka, og Oftestad stiller seg lagleg til for hogg. Men eg skal halda meg til spørsmålet om kristendomen som den einaste måten å sikra menneskerettane på. Trass i kyrkjeleg eigenreklame gjennom to tusen år kan det jo tenkjast at det kunne ha vore gjort både enklare og betre enn ved å la Olav Digre lemlesta motstandarane sine. I alle fall er det vanskeleg å finna noka reell etisk forbetring ved religionsskiftet her i nord, der einskildmennesket stod sterkt frå før, og ætta berre var ein av fleire relasjonar å velja mellom. Dessutan var æresomgrepet eit heilt anna enn det som er kjent frå innvandrardebatten i nyare tid: Dei som blei drepne, var alltid menn.
Kor mange nyfødde som faktisk blei sette ut i skogen i heidensk tid, må vurderast i samband med kor mange som døydde av å bli døypte i vinterkalde kyrkjer etter kristninga. Det er heller ikkje heilt uinteressant kor mange det var som mista mor si altfor tidleg fordi ho sjukna bort av å måtta stå på nordsida i kyrkja under gudstenestene. For eitt av dei mangfaldige tabua som kristendomen hadde med frå Midtausten, var at kvinnene var ureine.
På grunn av makttilhøva i Europa ville Noreg knapt ha kunna ta vare på den gamle sivilisasjonen utan å bli offer for dei bestialske korstoga som herja i Austersjø-området i hundreåra etter Olav Digre. Sånn sett var det vel best at det gjekk som det gjekk, med ein lang og bakvend omveg til endeleg å få rett til å velja sjølve om me vil tru på Jesus eller ikkje.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: NTB
«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»
Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.
Foto: Lars Tore Mubalegh-Håvardsholm
Julefuglen i augustnatta
Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.
Angela Merkel vart forbundskanslar i 2005.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB
Angela Merkel har mykje å læra oss om korleis politikk vert hamra ut – med fornuft.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.