Lærdom frå aids og covid
Slik ser ein føre seg koronavirus.
For førti år sidan vart det frå Los Angeles rapportert om fem tilfelle av ein sjeldan form for lungebetennelse. Det dreia seg om unge, tidlegare friske «aktive homoseksuelle» der immunsystemet hadde slutta å verke. To døydde før publikasjonen kom ut, dei tre andre døydde kort tid etterpå. Dette vart innleiinga til ein av dei verste pandemiane ein har sett: Han tok livet av nesten 35 millionar menneske.
Ein høyrer relativt lite om hiv og aids i dag, men siste året – medan verda var oppteken av koronaviruset – infiserte hiv faktisk 1,5 millionar menneske og tok livet av nesten 700.000.
Kva kan vi lære av desse to pandemiane? Først og fremst at forsøming frå styresmaktene kan føre til ei lagnadstung utvikling. Ved begge epidemiane førte den slappe haldninga frå statens side til mange unødvendige dødsfall – sjølv om årsak og forsøming var heilt ulike ved ei to pandemiane.
Ved aids var mangelen på kunnskap stor i mange år, noko som førte til både stigma, feilinformasjon og apati. Aids kom ikkje på førstesida av New York Times før i 1983, to år etter at sjukdomen var kjend og hadde teke livet av 558 amerikanarar. Under pressekonferansar i Det kvite huset utløyste «gay-plagene» ofte latter frå journalistane, og president Ronald Reagan sjølv nemnde ikkje ordet aids før i 1985, da om lag 12.000 amerikanarar hadde vorte infisert og 6.000 hadde døydd av sjukdomen.
Ved covid hadde nok den forseinka merksemda meir økonomiske og politiske grunnar. Da det første tilfellet av covid-19 vart identifisert i januar 2020, bad rådgivarane til Trump å gå aggressivt til verks, men presidenten nekta å gjere noko. Først i mars, da epidemien var i full utvikling, gjorde han noko. Men alt i februar hadde det britiske medisinske tidsskriftet Lancet skrive at 40 prosent av coviddødsfalla kunne ha vore unngått dersom Trump-administrasjonen hadde gripe inn tidlegare.
Men manglande handlekraft var ikkje berre knytt til Trump. I New York somla guvernør Andrew Cuomo og rådmann Bill de Blasio med å gjere noko aktivt før i mars, veker etter at det første tilfellet var registrert der. Truleg kunne 50–60 prosent av byens coviddødsfall vore hindra dersom restriksjonane hadde vorte sette i verk eit par veker tidlegare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.