La kvalen leve!KvalfangstOlav Skjomen i OfotenI den faste spalta si på Innsida oppmodar Arne oss om å ete meir kvalkjøt, både av di det er god mat og av di «kvalen et like mykje fisk som det alle norske fiskarar tek opp». Med andre ord, dersom vi ikkje ha
Noreg vil venteleg få ein ny omgang med kritikk for fangsten på vågekval når det i helga går føre seg ein internasjonal konferanse om havrett i Oslo.
PHRASEA
I den faste spalta si på Innsida oppmodar Arne Hjeltnes oss om å ete meir kvalkjøt, både av di det er god mat og av di «kvalen et like mykje fisk som det alle norske fiskarar tek opp». Med andre ord, dersom vi ikkje haustar nok vågekval, risikerer vi at kvalen kanskje vil tømme havet for fisk. Her har vi nok eit døme på å rette bakar for smed. Det er ikkje kvalen som er den største faren for den pelagiske fisken. Langt ifrå!
Uvettig overfiske, global miljøureining og uvettug bruk av havet som søppelkasse er nok ein mykje større fare. At kvalen et like mykje fisk som alle norske fiskarar tek opp, er også ei tvilsam sanning som det neppe finns god statistikk for. I alle høve måtte fangsten av vågekval i så fall aukast drastisk frå nokre hundre dyr til over 10.000 pr år for at det skulle monne.
Noreg var hovudpådrivar då kvalen i Antarktis på det nærmaste blei utrydda. Det er mange nordmenn som skjemst over denne uvettige rovdrifta som av nokre blir referert til som vår første oljealder – med påfølgande rikdom, men med desto meir liding for kvalen. No er vi snart den einaste nasjonen saman med Japan som driv kommersielt kvalfangst i stor stil.
Alle andre siviliserte nasjonar har slutta med å drepe kvalar (bortsett frå Færøyane og nokre småstatar i Stillehavet – med fangst i mindre skala).
Det står ikkje til å nektast for at kvalfangst ofte fører til skadeskyting og langsam død for dei store og intelligente dyra. Ville vi gjort det same med elefantar? Elefantane og kvalane står nokså likt med omsyn til intelligens og kjensler. Begge artar brukar mellom anna å kommunisere seg imellom på sitt eiga språk over svært lange avstandar med hjelp av høgfrekvent lyd, noko vi menneske først fekk til med elektronikk. I vår arroganse og vanetenking har vi tenkt på kvalane som store fiskar, ikkje som medskapningar med ein intelligens som ofte er mellom dei høgste i dyreverda. Den seinaste forskinga stadfestar dette.
Kor lang tid vil det gå før dei få fiskarane som driv kvalfangst og norske styresmakter erkjenner det same og kvalen kan få fred?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.