La kvalen leve ! (2)FangstOlav Garfors,Skjomen i OfotenStyreformannen i Merkevareforeningen for Norsk Hval, Øyvind A. Haram, reagerer på innlegget mitt i Dag og Tid der eg ber om at kvalen må få leve. Han meiner at ein del av argumenta mine bør korrigerast
Norsk vågekvalfangst sommaren 1993.
Foto: Ingeborg Hauglid / NTB scanpix
Styreformannen i Merkevareforeningen for Norsk Hval, Øyvind A. Haram, reagerer på innlegget mitt i Dag og Tid der eg ber om at kvalen må få leve. Han meiner at ein del av argumenta mine bør korrigerast, men eg kan berre finne at det gjeld eitt: nemleg at eg nærmast bagatelliserer at vågekvalen tek altfor mykje av villfisken. For å underbygge dette legg Haram til: «Å stogge heilt opp all kvalfangst vil med andre ord få store konsekvensar for anna fiske.»
La oss sjå nærmare på dette argumentet: I fjor blei 432 vågekvalar harpunerte og drepne av ei kvote på 1278 dyr. (Kvifor blei berre 1/3 av kvota oppfylt? Dårleg lønsemd eller sviktande etterspørsel?) I ein annan artikkel i same Dag og Tid fortel Arne Hjeltnes i spalta si at det lever 100.000 vågekvalar i Atlanterhavet. Truleg lever om lag halvparten av dei i Norskehavet, Barentshavet og langs kysten vår der den norske kvalfangsten går føre seg. Altså klarar norske kvalfangarar å redusere talet på vågekval med mindre enn ein prosent. Blir dette store konsekvensar for anna fiske? Argumentet om at vi bør drive fangst på vågekvalen for å verne om villfisken, er difor ikkje serleg overbevisande!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.