La kvalen leve ! (2)
Norsk vågekvalfangst sommaren 1993.
Foto: Ingeborg Hauglid / NTB scanpix
Fangst
Styreformannen i Merkevareforeningen for Norsk Hval, Øyvind A. Haram, reagerer på innlegget mitt i Dag og Tid der eg ber om at kvalen må få leve. Han meiner at ein del av argumenta mine bør korrigerast, men eg kan berre finne at det gjeld eitt: nemleg at eg nærmast bagatelliserer at vågekvalen tek altfor mykje av villfisken. For å underbygge dette legg Haram til: «Å stogge heilt opp all kvalfangst vil med andre ord få store konsekvensar for anna fiske.»
La oss sjå nærmare på dette argumentet: I fjor blei 432 vågekvalar harpunerte og drepne av ei kvote på 1278 dyr. (Kvifor blei berre 1/3 av kvota oppfylt? Dårleg lønsemd eller sviktande etterspørsel?) I ein annan artikkel i same Dag og Tid fortel Arne Hjeltnes i spalta si at det lever 100.000 vågekvalar i Atlanterhavet. Truleg lever om lag halvparten av dei i Norskehavet, Barentshavet og langs kysten vår der den norske kvalfangsten går føre seg. Altså klarar norske kvalfangarar å redusere talet på vågekval med mindre enn ein prosent. Blir dette store konsekvensar for anna fiske? Argumentet om at vi bør drive fangst på vågekvalen for å verne om villfisken, er difor ikkje serleg overbevisande!
Elles kjem ikkje Haram inn på spørsmålet om kvifor det no er berre to større nasjonar som driv med kvalfangst. Japan blir ofte hengt ut i media som ein verstingnasjon av mellom andre Greenpeace og Sea Shepherd, samstundes som det kjem tusenvis av utanlandske turistar hit til oss for å oppleve kvalsafari. Dei fleste veit neppe noko om norsk kvalfangst. Korleis vil det gå dersom vi i utanlandske medium blir samanlikna med dei brutale japanske kvalfangarane? Vil det då gå ut over norsk eksport av oppdrettsfisk?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB