Idéhistorie
Kyrkjas «catch 22»
I mars 2022 heldt mellom andre biskop Kari Veiteberg i Den norske kyrkja og biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja felles guds- teneste med bøn for Ukraina i Trefoldighetskirken i Oslo. Foto: Tom Hansen / NTB
Professor Bernt T. Oftestad imøtegår i Dag og Tid 25. april min tese om eit kyrkjeleg hamskifte frå konservativ samfunnsstøtte til raudgrøn agent (11. april): «Det er ikkje kyrkja som har gått gjennom eit hamskifte, men framfor alt staten.»
«Slagstads tese om kyrkja burde kan hende ha vore ein tese om staten», er Oftestads mottese.
Oppropet «Til Christendommens Venner i vort land» (1883), utforma av teologiprofessor Gisle Johnson og underteikna av alle biskopane og store delar av prestestanden, handla ikkje om kyrkja, men «om staten, samfunnet og framfor alt folket».
Det er sjølvsagt stimulerande for ein skapteolog å bli imøtegått av den fremste kyrkjehistorikaren i landet. Men Oftestad vel etter mitt syn eit litt for snevert, kyrkjepolitisk perspektiv på konfliktane både i 1880-åra og frå 1960-åra og utover. Dermed forsvinn dei ideologiske dimensjonane knytte til sekulariseringa, altså at den makta kyrkja har over menneskesinnet, svinn bort i det moderne samfunnet: i det første tilfellet i ein tidleg fase av sekulariseringa, i det andre i eit ganske gjennomsekularisert samfunn.
Eit meir inngåande tilsvar vil måtte vente til boka Norge – et filosofisk portrett, som tesane i Dag og Tid byggjer opp til. Her nøyer eg meg med eit par stikkord.
Oppropet var ei åtvaring mot «Vantroen» som via den liberaldemokratiske venstreradikalismen førte til «Tilintetgjørelse af den Magt, Christendommen hidtil har øvet over vort Folkeliv».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.