Kvinnefrigjering og kleskodar i 2022

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Den 8. mars vart feira denne veka – den internasjonale kvinnedagen som kvinner og særleg kvinnerørsla har markert og feira i bygd og by i meir enn 40 år.

Likestilling og likeverd mellom kjønna har stått på agendaen. Ein del har skjedd, enkle døme kan vera at gutar kan sy og jenter spela fotball. Men det auka presset på utsjånad gjer at jenter sminkar seg, kler seg utfordrande, fiksar på kroppen og vaklar av garde på høghæla sko meir enn før hundreårsskiftet. Utviklinga har likevel gått sakte og kanskje jamvel baklengs.

Gjengse kjønnsrollemønster eksisterer framleis. Politisk og økonomisk makt skil framleis tydeleg mellom menn og kvinner i både storting, regjering og finansinstitusjonar.

Spørsmål om korleis ulikskapen mellom kjønna vert reprodusert, har vore ein del av kvinneforskinga. Framleis brukar media uttrykket «dei dresskledde mennene» som utrykk for symbol på makt. Kleskodar for storting, regjering og finansinstitusjonar avspeglar dette. Kvinnelege stortingspolitikarar fekk for nokre år sidan avslag på stønad til klede, sjølv om meirkostnaden til klesbudsjettet deira for ulike høve langt oversteig dressbudsjetta. At dressen som klesplagg er eit kjønnsnøytralt greitt og praktisk antrekk for ulike klima og anledningar, er likevel eit døme på usynlege strukturar.

Kvinner møter framleis mange fleire stengsel og hinder enn menn både ytre materielt og på det indre psykologiske planet. Gjennom sosialisering og sosiale medium utviklar jenter ein kvinneidentitet som medverkar til at ulikskap vert oppretthalden gjennom vanetenking og tilpassing til gamle kjønnsroller.

Identitet vert danna gradvis i samspel med omgivnadane som omgir barnet. Jenter og gutar møter oppmuntring og ros til å gå inn i tradisjonelle og eksisterande kjønnsmønster frå omgivnadane sine. Kjønnssosialiseringa stikk djupt hos dei fleste. Dette er meir enn tilpassing til kva som er vanleg, men ein del av den psykologiske identitetsforminga som framleis skjer i samsvar med forventingane frå samfunnet rundt. Til dømes er kjønn ein sosial konstruksjon styrt mykje av forretningsstanden.

Det viser det seg at den mørke dressen, som i dagens samfunn subtilt fungerer som eit mannsplagg og gruppesymbol for maktmenn, er utan symmetrisk motsvar for kvinner. Mens det i 2022 finst mange dressbutikkar, fysiske og på nettet, for menn med mange og gode pakketilbod på mørke dressar i god kvalitet med alt som høyrer til, som belte, skjorte, sokkar og sko, vert dress som klesdrakt for kvinner gjennom butikkjedene stort sett definert som eit lyst, uformelt antrekk, ofte i tynnare stoff, hovudsakleg designa for fest og moro, meir unntaksvis som yrkesplagg.

Slike sosiale konstruksjonar er med på å danna og oppretthalda sosiale rammer rundt kjønn og kjønna gruppefellesskap. Me har ein lang veg å gå.