Kvifor vil så få verte lærar?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Skulen
I teksten «Gleda over lærargjerninga» i førre utgåve av Dag og Tid syner Bjørn Nicolaysen lesarane den lukka ein lærar kan oppleve i møtet med elevar på veg mot innsikt og forståing. Når ein les teksten, byrjar ein å undre seg over kvifor så få søker seg til læraryrket. Nicolaysen hevdar: «Lukkeleg er den som kan skape kveik for læring.» Ja, kvifor søker så få den utdanninga der ein kan finne denne lukka?
Her er eit døme frå kvardagen på grasrota: Ein naturfaglærar har inspeksjon/tilsyn i storefri. Hen kjem litt seint ut, fordi hen må finne kleda i garderobeskapet og hente matpakka på arbeidsrommet. Med matpakka i handa skal hen hindre snøballkrig – eller vasskrig, trøyste eleven som har fått snø, eller vatn, i auget og snakke med hen som står åleine i ein krok.
I timen etter storefri skal læraren ha eit forsøk med bruk av mykje forskjellig utstyr som no står i skapa. Den matpakka hen åt ute blant elevane, ville hen heller ha ete på naturfagrommet! Då kunne utstyret vore på plass på borda, og timen vorte så mykje betre – og mykje mindre stressande.
Slike døme finst det mange av. Slike døme har vi alle vore vitne til, fordi læraryrket er det yrket dei fleste av oss har hatt mest kontakt med. Eit skuleår er 190 dagar. Alle her i landet har ti av desse skuleåra – dei fleste har fleire enn ti. Kor mange timar har vi alle vore i eit klasserom saman med ein lærar? Berre i tiande klasse har vi hatt om lag 900 skuletimar medan ein eller annan lærar har vore saman med oss.
Kva for røynsle har vi frå skuletida? Alle har vi treft dei gode – og dei mindre gode lærarane. Dei fleste har vel møtt den fantastiske tusenkunstnaren, men òg den rotete sinnataggen. Røynsla er samansett.
Mange har prøvd å forklare kvifor så få søker lærarutdanninga (om lag 20 prosent nedgang frå i fjor). Ei av forklaringane er sjølvsagt løn. Ei anna forklaring er all rapportering og oppgåvene som skal vere uoverkommelege. Dei komande studentane har fått med seg krava til streikande lærarar, og dei har kanskje lese om ferske lærarar som gir opp etter få år.
Ein komande student vel ikkje bort læraryrket fordi hen ikkje vil bruke helgene på å rette prosjektoppgåver. Hen tenkjer heller ikkje på foreldremøte der foreldre ikkje alltid er saklege når dei fortel om eigne born. Trur du hen gruar seg til å diskutere karakterar med misnøgde elevar? Hen har neppe tenkt tanken.
Nei, hen tenker meir på korleis eiga skuletid var, difor trur eg det er mogleg å auke søkinga til lærarutdanninga ved å gjere noko med sjølve skulen. Alle elevar har vore i ein klasse der ikkje alle elevane passar like godt inn. Ein elev kan hoppe rundt, ein annan kjem alltid for seint, men mange har dessverre opplevd å sjå, eller vere deltakar i, store konfliktar, slåstkampar, truslar osb. Når ein i oppveksten har vore vitne til slike hendingar i kvardagen, vel ein ikkje dette yrket fyrst!
Dersom ein kan løyse dei daglege utfordringane i skulekvardagen på ein betre måte, vil elevane sjå at skulen tek fatt i problema og har gode løysingar. Det er der vi må starte! Ei positiv røynsle frå eiga skuletid vil kunne lokke fleire til lærarutdanninga.
Å setje inn fleire andre yrkesgrupper kan gjere læraren til meir lærar og mindre sosialarbeidar. Læraren skal vere stolt over evna til å formidle, hjelpe, støtte, motivere, men skal læraren klare alt dette, kan hen ikkje bruke for mykje tid på å løyse konfliktar, kontakte barnevernet, ringe urolege mødrer – eller tilsyn i storefri.
Hittil har lærarorganisasjonane vore mest opptekne av å krevje høgare løn og mindre rapportskriving. Dei har ikkje ropt høgt om behovet for andre yrkesgrupper.
Kan krav om fem år og mastergrad ha hindra framtidige studentar i å søke lærarutdanning? Kanskje. Lærarutdanninga bør nok vere meir praktisk. Ja, studentane har praksisperiodar, men kanskje dei burde ha heile år med oppfølging og praksisløn. Då vil ein kunne lokke til seg dei studentane som er opptekne av løn.
Å gjere noko med eit studium som tek fem år, er kanskje lettare enn å forandre skulekvardagen. Men endring av skulekvardagen er viktigare for fleire. Lat lærarane få undervise, lage gode opplegg og støtte elevane i deira arbeid mot meir kunnskap. Lat andre yrkesgrupper ta meir av alt det som står i vegen for læring. Vi veit ikkje så mykje om framtida, men vi trur ikkje at KI kan løyse alt, så vi treng lærarar. Lærarar som gler seg til å møte elevane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.