Kvifor vert vitnemål berre skrivne ut éin gong?VITNEMÅLALF MAGNE SIREVÅGNÆRBØI sommar oppdaga eg at vitnemåla mine er angripne av mugg, ironisk nok skulle det visa seg at dei var minst trygge i ein koffert som skulle kunna verna dei mot både vatn og brann.

SONY DSC
SONY DSC
Publisert Sist oppdatert

I sommar oppdaga eg at vitnemåla mine er angripne av mugg, ironisk nok skulle det visa seg at dei var minst trygge i ein koffert som skulle kunna verna dei mot både vatn og brann. Sjølv om eg hugser frå då eg fekk vitnemåla at det var lagt ved eit skriv der det stod at vitnemål berre vert skrivne ut éin gong kontakta eg Universitetet i Bergen for å undersøka om dei kunne gjera eit unntak, det kom eg ingen veg med.

Eg forstår det som ein nasjonal praksis at det berre vert skrive ut vitnemål for høgare utdanning éin gong. I særleg alvorlege og godt dokumenterte tilfelle vert det skrive ut duplikat av vitnemål. Dette er ein praksis som eg slit med å forstå, noko som eg har gjort heilt sidan eg såg den skildra då eg fekk vitnemåla mine. Kvifor er det eit større problem å skriva ut eit nytt vitnemål enn å gje ut eit nytt pass eller førarkort? Særleg om ein kan senda inn det gamle vitnemålet, eller restane av det, forstår eg ikkje problemet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement