Kvifor så hemmeleg?JordbruksoppgjeretAmelia Gomez SnerteHemsedal Eg kjem frå eit lite småbruk, og eg ser på meg sjølv som ein person som er over gjennomsnittet interessert i jordbruk. Den norske jordbrukspolitikken er komplisert og vanskeleg å følgje med p
Eg kjem frå eit lite småbruk, og eg ser på meg sjølv som ein person som er over gjennomsnittet interessert i jordbruk. Den norske jordbrukspolitikken er komplisert og vanskeleg å følgje med på, men eg gjer så godt eg kan.
Eg, som mange andre unge, er oppteken av maten eg et, korleis han er produsert, og kvar han kjem frå. Har dyra hatt det bra? Har jorda det bra? Har bonden fått den løna han skal ha for arbeidet sitt? Er maten norsk? Så langt heng dei fleste med, men så snart ein byrjar å snakke om jordbruksoppgjeret, fell dei fleste av.
Jordbruksoppgjeret er fyrst og fremst eit lønsoppgjer, men det bestemmer også kva Noreg skal krevje av ein bonde som vil leve av matproduksjon. Saman skal staten, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag finne ut kva type jordbruk me vil ha i landet vårt.
Kva Bondelaget og Småbrukarlaget meiner og krev kvar for seg, får me ikkje vita. Berre det felleskravet dei fremjar overfor staten. Kvifor så hemmeleg? Så sit dei saman i lukka forhandlingar som det norske folk ikkje får høyre ein døyt om, før etter at resultatet er klart. Eg får ikkje innsyn i nokon ting før det heile er bestemt. Eg kjenner meg ekskludert frå samtalen, og eg må berre stole på at nokon talar mi og resten av ungdomen si sak.
Men kven er det eigentleg som representerer dei unge miljøvernarane?
Eg kunne ha stolt på at slik me gjennomfører jordbruksoppgjeret i dag, vil me skape eit norsk jordbruk med fokus på berekraft, sjølvforsyning og mattryggleik. Men tendensen i lang tid, og særleg dei siste åra, har vore det motsette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.