Kvifor ikkje vera ærlege?
«Mot en russisk invasjon i nord må målet være å holde ut i den korte tiden til hjelpen kommer fra amerikanerne og andre allierte i Nato», heitte det nyleg i ein artikkel i Aftenposten.
Men no held denne farlege fienden, som aldri har truga Noreg, på å tapa i Ukraina: «Når EU og USA stiller seg bak Ukraina mot et Russland som har BNP på nivå med Italia, så er det ikke en krig som Russland faktisk har grunnlag for å vinne», sa oberstløytnant Ydstebø til Klassekampen 26. mai. Og 20. mai sa den britiske russlandseksperten Mark Galeotti i same avis at «sjansen for at Russland vil utgjøre en trussel mot Nato i overskuelig tid er lik null». Og å seie at «hvis Ukraina faller, så er Polen og Romania neste land ut, er absolutt nonsens», legg han til.
Sovjetunionen hadde aldri ressursar til å utbreia regimet sitt med våpenmakt. Frå fyrste stund var ein i ein forsvarssituasjon, men i andre verdskrigen slost ikkje russarane berre for seg sjølve – ogso for Europa.
På grunn av sine spesielle historiske røynsler er dei vare om grensene sine. Kunne ikkje dette respekterast? Det var Henry Kissingers politikk, men frå amerikansk hald er det sagt at ein vil gjera Russland «varig svekket»?
Russarane er byrge av sigeren i andre verdskrigen. Han kosta store lidingar og 27 millionar menneskeliv. Det finst ikkje ein familie i Russland som ikkje vart råka. Denne kampen vil ein ha respekt for, og det er ikkje unaturleg at Putin ynskjer at Russland skal vera stormakt (jamfør Trumps «Make America Great Again»).
Men han har gått på ein kjempetabbe med åtaket på Ukraina, og det er all grunn til å fordøma regimet og krigføringa hans, Putin må hindrast i å okkupera Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.