Kvifor ikkje diskutere sak
Nokre få spørsmål lyt eg stille til historikaren Frode Sæland i høve hans Dag og Tid-kronikk «Forsvar og angrep» 13. august 2021. Kvifor skriv han så å seie ikkje noko om dei sakene som vert drøfta i Hva vet historikerne?
Dei tre historikarane Berggren, Bruland og Tangestuen opererer med ei snever forståing av varsling, og deira freistnad på å kjeldeforankre at varslarmøtet hos Lise Børsum blei halde måndag 26. oktober 1942, er svak. Kva meiner Sæland om desse spørsmåla?
Korleis vil Frode Sæland analysere og forklåre Gunnar Sønstebys utsegn om at han kjende til arrestasjonane på førehand? Kva synest han om at dei tre historikarane ikkje opplyser at kjelder dei nyttar, er skrivne for å unngå sikting for landssvik? Kva meiner han om at Ulstein-intervjua er ei hovudkjelde for Berggren, Bruland og Tangestuen utan at dei drøfter deira verdi og svakheiter som kjelde? Dei nyttar omgrepet «minneforskyving», men kva tyder det, og kva er kriteriet for å nytte eit slikt omgrep? Finst det òg «minnefordreiing» i tilfelle med og utan medvit?
Det blir i Hva vet historikerne? peika på fleire merkverdige forhold når det gjeld flyktningtala dei tre nyttar. Har Sæland ei meining om spørsmåla til talmaterialet?
Er Sæland samd i dei tre historikarane si tolking av at da Pressekontoret orienterte Utanriksdepartementet i London om at nokre ruter var stengde for jødar, meinte kontoret berre å seie at dei var stengde for sivile? Blei ruter stengde for jødar? Måtte jødar betale meir enn andre flyktningar for å bli berga over grensa? Kva synspunkt har Sæland på desse spørsmåla?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.