Kvifor har me ikkje eit fredsdepartement i Noreg?
Eit F-35A fly på Evenes flystasjon.
Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret / NTB
Me ynskjer då alle fred, no meir enn på lenge.
Me har departement for alle viktige politikkområde. Mellom dei eit klima- og miljødepartement, som skal syta for heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk, og eit forsvarsdepartement med ansvar for utforming og iverksetjing av norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk.
Kvifor har me då ikkje eit fredsdepartement? Det mest nærliggjande svaret er at me lenge har teke freden i vårt eige land for gjeven. Men no kjenner me oss truga, og derfor rustar me no opp, på tradisjonelt vis.
Regjeringa føreslår eit forsvarsbudsjett på 110,1 milliardar kroner for 2025. Den største auken, 7 milliardar av total auke på 19,2 milliardar, skal gå til investeringar i nytt materiell, m.a. nye F-35 kampfly, nye ubåtar, maritim overvakingskapasitet, maritim helikopterkapasitet, artilleriammunisjon og sensorar for militær luftromsovervaking.
«Krig er forsøk på quick fix», seier John Y. Jones i eit intervju hjå Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF), 24. oktober 2024 . «Fredsarbeid (derimot) er langsiktig arbeid. Det er å stoppe fiendebilder, øke kontakt og handel også med land som mange definerer som ’fiender’. Vi har ikke fred med Sverige fordi vi har tanks på grensen, men fordi vi har bygget respekt, forståelse, kontakt, handel og tillit over århundrer.»
Eit fredsdepartement med ein fredsminister skal vita at fred må byggast over tid. Målet for regjeringa må vera å koma krig og aggresjon i forkjøpet. Ulike samfunnsaktørar må vera aktive på tidspunkt då det enno går an å gjera noko.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.