Kven vil bli hugsa?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det norske folk er eit jamt over idrettsinteressert folk. Både når det gjeld aktiv idrettsleg aktivitet for kvar og ein, og når det gjeld å ikle seg tilskodaren sin rolle.

Men mangt skuggar for dette i vår tid, deriblant eit veksande idrettsbyråkrati som er avla fram i takt med pengemakta som syg meir og meir av krafta ut av dei opphavlege idrettsideala om ’sunn sjel i sunn lekam’ og det overordna målet om at ’det viktigaste er å delta i den fredelege kappestriden’.

Dei siste månadene har det utspelt seg ein utruleg prosess i dette nye idrettsbyråkratiske maktapparatet (med toppløna byråkratiske rumpeslitarar) for å ta tabben på ein presterande idrettskultur i ein så krevjande idrett som å flyga på reine lufta 100–150–200–250 meter (!) og rå med dei krefter som rår når ein møter bakken i unnarennet. I denne idrettskulturen har det gjennom tiår blitt utvikla kunnskap og miljø for å prestera til heider og medaljar blant dei beste. Og der har vore leiarar og trenarar som har vore i eitt med utøvarane gjennom utrulege prestasjonar og når det går som verst i dramatiske fall – og i alle dei tusen timar for å finna fram til det som må til for utøvaren i ein så spesiell idrett.

Men denne kreative og medmenneskelege idrettskulturen er visst ein torn i auga for idrettsbyråkratane, der det straumlineforma og servile ned i minste detalj er ideal og modell. Ikkje berre har dei utfordra byråkratane sitt tafatte syn på kvinner sin plass i hoppbakkane. Nei, ein leiar har visst til og med teke seg til rette med å senda ut meldingar der han sit dag og natt ved sjukehussenga til den alvorleg skadde skihopparen, om korleis det går med han, utan å gå gjennom byråkratiet sine kanalar! Korleis skulle det gå med «kommunikasjonsbyråkratiet» om slikt får utarta?

Så kan ein spørja seg om kven som vil bli hugsa i denne delen av idrettshistoria: Er det byråkratane Røste og Bretten Berg og deira advokatar og «komunikatørar» – eller er det hoppmiljøet sine prestasjonar rundt Braathen og Stöckl og dei skiflygande namna dei har hjelpt fram, som vil leva i folk sitt minne i tiår etter tiår?

I mitt minne ber eg visst med meg slike namn frå dei siste hundre åra, og Falkanger var det namnet eg helst ville bera i mine første spede skihopp på 1950-talet, i ein karriere som etter kvart strekte seg til 8–9 meter i sjølvlaga hoppbakkar i uvisse vestlandsvintrar.