JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kven normerer nynorsken?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2732
20230127
2732
20230127

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Nynorsken er diverre eit språk på sotteseng. I kringkastinga har dialektane teke kvelartak på målet – av den gamle nynorskadelen er det snart berre Ingvild Bryn att. Det lite gjennomtenkte slagordet frå Noregs Mållag: «Tal dialekt, skriv nynorsk» har hatt syrgjelege fylgjer. Eit mål ingen talar, vil sjølvsagt enda som eit mål ingen skriv. Mykje av det vesle som framleis vert skrive på nynorsk, verkar som det er tenkt på bokmål og omsett i hastverk med fingrane på veg til tastaturet. Språket er i full oppløysing. Snart er det berre «eg» og «ikkje» att. Sjølv i den nyaste nynorske bibelomsetjinga spøkjer det meir av bokmål under teksten enn av gresk og hebraisk.

På ein slik bakgrunn er det underleg at «språkvaskarane» Aud Søyland og Ole Jan Borgund kan døma om språket mitt som om eg skreiv på fransk, eit språk utan valformer, klårt definert av Det franske akademi. Slik er ikkje målstoda her til lands, slett ikkje for nynorsken. Rett nok har Språkrådet ein sterk trong til å normera, men inga formell makt til å gjera det. Rettskrivinga frå 2012 har ikkje nokon tvingande status som «gjeldande rettskriving». Det har heller ikkje Langelands Nynorsk ordliste, men ho har målkjensle og tradisjon på si side. Her finn me dei formene samnorskfolk ville ha bort. Dei ville og ha bort «riksmålsformene» i bokmålet, men her tapte ideologane mot poetane, Språkrådet mot Akademiet. Sigerstrofeen heiter Det Norske Akademis store ordbok (naob.no).

Nynorsken står truleg ikkje til å redda som eit «bruksspråk» på eit breitt, folkeleg grunnlag. Folket vil ikkje ha det. Det vekkjer same mothug som kristendomen. Den norske kyrkja held likevel fram med å leika «folkekyrkje» utan folk. Skal me gå i same leiken med eit «folkemål» få brukar og endå færre kan? Det er språkleg harakiri. Sanninga er at nynorsken er vorten eit elitespråk som ikkje har anna framtidsvon enn sine diktarar og nokre utemjelege språkleikande brukarar.

Aud Søyland skriv at «ordkunstnaren» Berge Furre «stolte heilt og fullt» på rettingane hennar. Det trur eg så gjerne, for mykje stort og gildt kan seiast om Furre, men ordkunstnar var han ikkje. Det er derimot vår største nolevande nynorskdiktar, Jon Fosse, men han lèt seg ikkje retta etter det Ole Jan Borgund kallar «gjeldande nynorsk rettskriving». Derimot er han heilt i pakt med Langelands Nynorsk ordliste. Det same er eg, og i den stinne lufta dei normeringskåte språkideologane har etterlete seg i målstova, kan me språklege frifantar ikkje skuldast for anna enn at me kjem med klangar frå den store tradisjonen – og med eit drag av frisk luft.

Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar, katolsk pater i unåde og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis