Kvar kjem NOX ifrå?KjemiGunnar LøkkebøDokka14. september skriv Jon Hustad: «NOX er forresten små partiklar som det er særleg mykje av i råolje eller bunkersolje og diesel.» Nei, Hustad, dette er feil. Olje er stort sett karbon, C, og hydrogen, H. Og for å

Publisert

14. september skriv Jon Hustad: «NOX er forresten små partiklar som det er særleg mykje av i råolje eller bunkersolje og diesel.» Nei, Hustad, dette er feil. Olje er stort sett karbon, C, og hydrogen, H. Og for å forklara er det greitt å ta utgangspunkt i metan, som er det lettaste av hydrokarbona, med formelen CH4. For å brenna ein kilo metan treng ein 4 kilo oksygen, O2, noko ein vanlegvis hentar frå lufta. Etterpå sit ein att med 2,75 kilo karbondioksid CO2 og 2,25 kg vatn H2O. Men berre 20 prosent av lufta er O2, og av dei resterande 80 prosenta er det aller meste nitrogen, N2. For å brenna ein kilo metan har ein altså 16 kilo N2 med på lasset. Og det er dette som skaper NOX-problemet.

Dieselmotoren er meir energieffektiv enn bensinmotoren fordi han arbeider med høgare trykk og temperatur. Ved ein temperatur i underkant av 1500 grader byrjar N2 og O2 i lufta å reagere med kvarandre, og vi får ulike bindingar mellom dei, som samlande blir kalla NOX. Bensinmotorar arbeider under og dieselmotorar over den kritiske temperaturen for at NOX blir danna.

Hadde ein derimot tilført brenselet rein oksygen, hadde ein ikkje fått NOX i det heile, men temperaturen hadde vorte så høg at motoren hadde smelta.

Ser ein på massebalansen i dømet over, finn ein at mindre enn 5 prosent av avgassen frå denne forbrenninga kjem frå det ein vanlegvis kallar brenselet. Og denne prosenten er endå mindre for alle andre hydrokarbon og biobrensel enn for metan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement