Kina

Kvar kjem hyllesta av diktatura frå?

Vaktarar og innsette uigurar i ein omskuleringsleir i den kinesiske Xinjiang-regionen.
Publisert

Lesarbrevet til John Inge Bertelsen i Dag og Tid 8. august, «Kvar kjem hatet mot Kina frå?», understrekar poenget i innlegget mitt 1. august, «Norsk hyllest til diktatur». 

Bertelsen gjer nett som dei norske samfunnsaktørane som eg kritiserte: Han framhevar at millionar av kinesarar er løfta ut av fattigdom, og at miljøet er blitt reinare. 

Det har eg aldri nekta for.

Men i sin iver etter å framsnakka kinesiske framsteg, bagatelliserer Bertelsen diktaturet. Det første dømet på kinesisk brutalitet som eg nemnde i innlegget 1. august, gjaldt ikkje situasjonen for kyrkjene, men dei grove overgrepa mot dei hovudsakleg muslimske uigurane. Desse overgrepa ser det ut som Bertelsen forsvarar når han skriv forståingsfullt om «represaliar mot folkeslag som står bak terror» som middel mot kaos. Han skriv at 22. juli-terroristen ikkje ville bli teken på med silkehanskar i Kina. Frå 2017 sperra Kina kring 1,7 millionar uigurar og andre inne i brutale konsentrasjonsleirar i Xinjiang-provinsen.

Nei, det finst ingen silkehanskar i Beijings hardhendte politikk i Xinjiang. Derimot har eg møtt kvinner som har dokumentert groteske overgrep som tvangssterilisering og tvangsabort. Overgrepa har ramma kvinner som slett ikkje hadde utført terror eller ekstremisme, kvinner som slett ikkje kan setjast i bås med vår heimlege 22. juli-terrorist. Overgrepa kvinner frå Xinjiang har rapportert om, er derimot del av ein brutal kampanje for å utsletta uigurisk kultur og identitet. Kvinnene som fortel, har heldigvis kome seg ut av Kina og kan lyttast til utan at ein treng å gjesta landet. Det finst også svært gode skriftlege kjelder.

Noko av det første også eg gjorde då eg kom til Kina for snart 40 år sidan, var å gå i kyrkjer som var restaurerte etter kulturrevolusjonen. Ja, det finst framleis svært mange kyrkjer i Kina, der det er minst 100 millionar kristne. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement