Kvar kjem du frå – når er eg norsk?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Kvifor svarer ikkje nordmenn med innvandrarforeldre med glede i blikket at foreldra kom til Noreg for 40 år sidan? Skal ein gjere det til noko negativt eller positivt at ein har røter i Chile, Etiopia eller Iran?
«Kvar kjem du frå?» er det vanlegaste spørsmålet nordmenn stiller kvarandre, kanskje fordi geografi og dialekt har mykje med identitet å gjere. Under studium og arbeid har eg i fleire land fått same spørsmålet. På dårlege dagar har eg brukt energi på å bli fornærma og tolka spørsmålet i verste meining: Eg høyrer ikkje til her, eg snakkar ikkje språket godt nok, eg kjenner ikkje referansane og dei kulturelle kodane. Eller eg kunne snu det til noko positivt: Den som spør, er interessert i meg, min bakgrunn og mitt land.
Som forelesar for 650 internasjonale studentar (frå 116 land og alle kontinent) ved Høgskulen i Volda har eg opplevd at nokre har vore sterkt kritiske til regimet i heimlandet/foreldras heimland, men ingen har skamma seg over kulturen. Tvert imot har alle vore stolte av folket og tradisjonane i landet.
Nordmenn med innvandrarforeldre kjenner den norske kulturen og i tillegg kan dei oftast noko om foreldras kultur, språk og tradisjonar. Kanskje har dei også besøkt foreldras heimland. Tokulturelle personar er ressursar med eit mangfald av erfaringar som gir auka medvit og djupnesyn. Å kjenne to eller fleire kulturar gjer ein person til eit meir interessant menneske som gjerne kan analysere frå andre perspektiv. Å bli tolka med eit nytt blikk gir etniske nordmenn nyttig innsikt. Vi kan til dømes forstå at våre kulturelle kodar ikkje er eintydige eller universelle, men at både ord og handlingar kan bli oppfatta annleis enn vi har til hensikt.
Det er heilt forståeleg at såkalla andregenerasjons innvandrarar blir frustrerte over at dei ikkje blir vurderte som vanlege nordmenn, men det er også trist om dei ikkje er stolte over den tokulturelle bakgrunnen sin.
Etniske nordmenn kallar dyktige fotballspelarar, løparar, musikarar, songarar, forskarar og mange andre ressurspersonar for norske når nordmenn med innvandrarforeldre gjer suksess og leverer gode prestasjonar. Når det gjeld lovbrot, derimot, blir såkalla ’andre og tredjegenerasjons innvandrarar’ ikkje regna for å vere fullt så norske. Truleg gjer dei same mekanismane seg gjeldande mellom personar med innvandrarbakgrunn. Når etniske nordmenn gjer noko ulovleg eller dumt, då er det kanskje ikkje så viktig å vere heilt norsk eller å identifiserer seg fullt ut med nordmenn? Då kan det også bli ’vi og dei’. Høyrt på bussen nyleg: «Dei (nordmennene) plasserer gamle foreldre på aldersheim».
Etniske nordmenn kan vere spesielt interesserte i Cuba, Senegal eller Korea, men av frykt for å bli stempla som rasistar, kan dei vegre seg for å spørje ein person om ho eller han har bakgrunn frå eit bestemt land. Slik kan vi også gå glipp av kontakt med kvarandre, for vi har i tankane det kritiske spørsmålet som mange innvandrarar stiller: «Når er eg nok norsk?»
Korleis kan det verke når ein norsk person med innvandrarforeldre ikkje får spørsmålet om etnisk bakgrunn? Kan personen då føle seg oversett? Etter ein fest med flest etnisk norske ungdommar sa ei kvinne med mørk hud: «Ingen var interessert i min familiebakgrunn, nordmenn er så sjølvopptatte.»
Foreldre og andre vaksne må ha balanse i det dei seier når barn og ungdom er til stades. Dersom etnisk norske ungdommar stadig får høyre at dei er rasistar, kjem piggane ut og hemmar kontakt. Tokulturelle barn og ungdommar treng gode modellar i begge kulturar. Dersom dei stadig får høyre at etniske nordmenn er rasistar, kan dei nærast forvente og oppfatte noko som rasisme på ein ukritsk måte. I diskusjonar blir det ofte einsidig lagt vekt på hat og rasisme, men lite på moglegheitene. Det er ikkje bra å ha eit for negativt bilete av det landet som no er heimlandet.
Eit menneskeleg fellestrekk er behovet for å bli godtatt som den ein er. Truleg har vi alle nokre førestillingar om kulturen vår som ikkje alltid stemmer. Eg trur eg veit korleis det er å vere innvandrar i Noreg, men eg kan ikkje vite det, for eg har ikkje opplevd det. Også omvendt: Ein innvandrar i Noreg kan hevde at i hennar/hans heimland blir alle akseptert og inkludert, at alle helser på kvarandre og hjelper kvarandre. Dette kan vere noko ein trur og ønskjer, for ein har ikkje sjølv opplevd å vere innvandrar i heimlandet. Verdas kulturar er kanskje meir like enn vi likar å tru?