Kvar går vegen vidare i Søgne?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Dag og Tid kom i sin leiarartikkel i førre veke med bombastiske påstandar om demokrati i Søgne. I førebuinga av sin reportasje om bygda vår i same utgåve, tok journalisten seg ikkje bry med å høyre på Folkeaksjonen Ja til Søgne – Nei til reversering, som har fleire medlemmer enn aksjonistgruppa avisa let komme til orde. Vi finn det derfor naudsynt å gje eit meir nyansert syn på situasjonen i Søgne enn det avisa makta å gje.

Bli med oss på ei tankereise der vi ser bort frå vegen som har ført oss hit, og fokuserer på kvar vi er i staden: Søgne som ein bydel i Kristiansand. Kva vinn vi på å gå ut av Kristiansand for å danne ein eigen kommune? Kva prosessar må til for at vi skal kunne danne ein velfungerande, robust kommune? Kva vil vi kunne få i denne nyoppretta kommunen som vi ikkje har eller kan få som ein del av Kristiansand? Kjem dyktige arbeidstakarar i Kristiansand kommune til å vilje gå over til den nyoppretta kommunen Søgne? Korleis vil den økonomiske kabalen gå opp om utbrytarkommunen sjølv skal ta ansvar for dei store investeringane som er gjorde dei siste åra?

Dette er komplekse spørsmål som har komplekse svar. Vi har dei ikkje, og vi ser fleire utfordringar enn løysingar. Det er ting som ikkje fungerer som det burde i Kristiansand no, men vi klarer ikkje å tru at Søgne vil løyse desse utfordringane betre som eigen kommune. Tvert imot trur vi at om vi drar saman, i same retning, i Kristiansand, vil vi kunne løyse utfordringane betre enn Søgne har moglegheit til på eiga hand.

Det å ha ein viss størrelse på fagmiljø og etatar bygger kompetanse og reduserer sårbarheit. Ein er ikkje lenger avhengig av at eitt dyktig menneske ikkje er utbrent, sjukemeldt eller går av med pensjon. Utfordringane med at «dei som kjenner nokon» enklare får gjennomslag, vil vere mindre i ein kommune av ein viss størrelse. Det å sjå på større område når det gjeld arealplanlegging og byutvikling vil gje ei meir samanhengande utvikling av Sørlandet.

Vi ønskjer å sjå framover frå der vi står, attende kjem vi uansett ikkje. Likevel vel vi å kommentere på utsegna om prosessen då Søgne, Songdalen og Kristiansand vart slått saman. Vi tykkjer prosessen var rotete, ikkje fordi Søgne si folkerøysting vart overkøyrd, men fordi det ikkje skulle ha vore ei folkerøysting. Vi bur i eit demokrati som driv representativt, folket vel sine representantar som bestemmer på vegner av folket. Folkerøystingar, om ein i det heile har dei, skal vere rådgjevande. Slik forsikrar vi oss at bestemmingane vert avgjorde på gode faglege grunnlag. Når det fyrst vart ei folkerøysting, rådgjevande altså, vart det aldri stemt for alternativet som blei gjeldande. Det vart stemt for samanslåing av fem kommunar, ikkje tre. Korleis kan vi då vite kva folket tykkjer om samanslåinga slik den enda opp? Og kven iblant folket har eigentleg kunnskap og forståing nok til å seie noko om kva som er best?

Dei nydelege områda i Søgne er her framleis, Høllen, Ny-Hellesund med Olavsundet, Monsøya og eit utal bukter, holmar og skjer er her framleis. Heia med Søgne-skiltet tittar ned over Tangvall sentrum. Søgne mista ikkje særeiga si av å vere ein del av ein større kommune, vi får heller støtte av eit større og sterkare fagleg miljø til å ta vare på skattane vi har her, både materielle og menneskelege.

Uansett om vi går inn i framtida som ein, to eller tre kommunar, så vil vi gå inn i den same framtida. Kvifor ikkje gjere det saman?