JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ei skilsmisseferd

SØGNE/SONGDALEN: – Vi meiner det er skjedd ein urett, seier dei som vil ut av Kristiansand. Dei to tidlegare sørlandskommunane skal røyste over forholdet til den nye storkommunen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vidar Ertzeid framfor Olavsundet ved Ny-Hellesund. Om ein skal tru soga, opna sundet seg for Heilag-Olav då han kappsegla med Harald Hardråde.

Alle foto: Jesper Hommefoss Johnsen

11459
20220617

Nye Kristiansand kommune

8. juni 2017 vedtok Stortinget ny kommunestruktur med éi røyst overvekt.

Med det vart talet på kommunar redusert frå 428 til 356, i mange tilfelle med tvang.

Gamle Kristiansand, Søgne og Songdalen vart slått saman til éin storkommune frå og med 1. januar 2020.

Sist veke opna kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik for oppsplitting av nye Kristiansand kommune.

Etter planen skal det haldast folkerøysting parallelt med kommunevalet i 2023.

Kommunereform

jesper@dagogtid.no

– No koker det her nede, altså.

Det er torsdag ettermiddag førre veke, og eg har søgnesokningen Vidar Ertzeid på tråden. To dagar tidlegare, tysdag den 7. juni, varsla regjeringa at Søgne og Songdalen skal få halde folkerøysting om dei framleis skal vere ein del av den nye storkommunen Kristiansand. Ein siger for Ertzeid og makker Sigurd Berg Aasen, som står bak innbyggjarinitiativet for å få gamlekommunen Søgne attende igjen.

Nye Kristiansand oppstod 1. januar 2020 etter at dei tre kommunane Kristiansand, Søgne og Songdalen vart slått saman med tvang. I begge dei to småkommunane røysta eit fleirtal av folket mot samanslåing.

Kort tid etter samanslåinga organiserte motstandarane seg i Facebook-gruppa «Vi som vil ha Søgne tilbake». I utgangspunktet var gruppa meint som ein ventil for frustrasjon og agg knytt til samanslåinga.

– Det var ei gruppe for familie og kjende. Men etter kvart tok det jo av, seier skiparen av Facebook-gruppa, Sigurd Berg Aasen.

I skrivande stund har Facebook-aksjonen over 3600 følgjarar. Men gjengen har vore aktiv på fleire frontar. I februar år sende gruppa eit innbyggjarinitiativ med 2292 underskrifter til Kommunal- og distriktsdepartementet. No har dei altså fått med seg kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik på ei folkerøysting. Det herskar enno uvisse rundt den eventuelle oppløysingsdatoen. Kommunalministeren har sagt til NRK at oppdelinga kan skje i 2028, men aksjonsgruppa meiner ein mykje tidlegare dato er realistisk.

– Vi har fått signal om at 1. januar 2025 er godt innanfor rekkjevidde, seier Ertzeid.

Avgjerda om at folket igjen skal røyste over framtida til nye Kristiansand, kom som lyn frå klår himmel for dei fleste i det politiske miljøet i byen. 1. desember i fjor la bystyret i Kristiansand ballen daud. Med 39 mot 32 røyster sa dei folkevalde nei til oppdeling, nei til folkerøysting og nei til utgreiing av konsekvensane ved ei eventuell oppsplitting.

I ein SMS opplyste ordførar Jan Oddvar Skisland statsminister Jonas Gahr Støre om avgjerda, skriv VG denne veka. Til svar frå statsministeren fekk Skisland følgjande melding: «Takk venn! Forstår beslutningen. Sp på vår kant blir nok ikke glade. Men sånn er demokratiet!»

I etterkant av avgjerda har kristiansandsordføraren vore sterkt kritisk. «Dette er en overkjøring av lokaldemokratiet», skreiv han i ei pressemelding frå kommunen like etter at meldinga frå departementet kom.

Søgne

Den gamle sørlandskommunen Søgne ligg rett under ein halv times køyretur frå Kristiansand. Frå skjergarden i sør til heiene lenger oppe i landskapet er det ein biletskjønn kommune som nær sagt doblar folketalet i sommarmånadene.

På plass i det aktivistane kallar hovudkvarteret, stova til Ertzeid og familien ved vasskanten i Høllen, vert eg servert kaffi og «høllebollar». Kona vitsar med at dette er den mest fotograferte stova i Noreg denne veka. På spørsmål om kvifor dei er så opptekne av å få gamlekommunen attende, er aktivistane klare i talen.

– Vi meiner det er skjedd ein urett. Vi har fått ei klart dårlegare eldreomsorg, mindre pengar til skulane og eit høgare avgiftsnivå, seier Aasen.

I tillegg meiner dei at gamlekommunen hadde ein høveleg storleik. I forkant av kommunereforma slo dåverande kommunalminister Jan Tore Sanner fast at idealkommunen hadde mellom 15.000 og 20.000 innbyggjarar. Gamle Songdalen kommune hadde om lag 6700 innbyggjarar før samanslåinga, medan gamle Søgne kommune hadde om lag 11.430 innbyggjarar.

– Det er ikkje langt unna idealtalet. 247 kommunar var mindre enn oss, seier Aasen.

Men Søgne sa nei

For å nøste opp i historia til nye Kristiansand kommune må ein sjå eit stykke attende i tid. Etter at regjeringa Solberg i 2014 gjekk i gang med kommunereforma, sonderte Kristiansand og nabokommunane ulike alternativ for samanslåing. Først gjekk Lillesand, Birkenes, Søgne, Songdalen og Kristiansand i forhandlingar om samanslåing. Prosjektet vart kalla K5 og munna ut i ein intensjonsavtale mellom kommunane.

Den 6. juni 2016 vart det så halde folkerøystingar i dei fire kommunane. Det enda med fleirtal mot samanslåing i alle kommunane. I Søgne var 62,4 prosent av røystene mot ei samanslåing. Med det la Søgne kommunestyre ned arbeidet for samanslåinga. Den 22. juni 2016 vedtok kommunestyret at: «Kommunestyret legger det klare rådet ved folkeavstemningen til grunn, og avslutter derved prosessen hva angår kommunesammenslåing.»

I nabokommunen Songdalen røysta 55 prosent mot ei samanslåing. Same kveld som Søgne sa nei, gjekk kommunestyret i Songdalen inn for å slå seg saman med dei to andre kommunane – dersom Søgne vart med.

– Men det har aldri vore folkerøysting over K3-alternativet (Søgne, Songdalen og Kristiansand, red. merk.), seier Aasen.

I skrivet frå fylkesmannen til Stortinget står det svart på kvitt: «Songdalens ja forutsetter at Søgne også blir med, men Søgne sa nei». Likevel slår overskrifta litt lenger oppe i brevet fast at to kommunar røysta ja, medan éin var imot.

I materialet som ligg til grunn for avgjerda i Stortinget, vert ikkje folkerøystingane i dei to kommunane eingong nemnde. 8. juni 2017 røysta Stortinget for ei tvangssamanslåing av dei tre kommunane. I proposisjonen frå Stortinget heiter det: «To av de tre kommunestyrene har fattet vedtak om sammenslåing.» Difor kom Stortinget til følgjande konklusjon: «Søgne sitt vedtak om å fortsette som egen kommune sperrer dermed for en sammenslåing som ut fra regionale hensyn er hensiktsmessig.»

Det er dette innbyggjarinitiativet frå aksjonistane baserer seg på. I februar i år sende dei ein formell klage på saksgangen saman med 2292 underskrifter til Kommunal- og distriktsdepartementet i Oslo. Innbyggjarinitiativet ligg til grunn for departementet si avgjerd om å splitte den nye storkommunen. Etter inndelingslova paragraf 8 har departementet initiativrett. Men i siste omgang er det Stortinget som må avgjere kommuneinndelinga.

Folkerøysta

I første omgang uttalte kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik at berre innbyggjarane i Søgne og Songdalen får gå til valurnene. Men i eit møte med Kristiansand kommune sist veke opna hans eigen statssekretær Ole Gustav Narud for at heile kommunen skal få delta i folkerøystinga. Seinare skreiv VG at gruppeleiarane i Ap, Høyre, KrF og SV – som har fleirtal i bystyret i sørlandsbyen – er for ei slik løysing. Det kan trenere planane til Senterpartiet og aksjonistane.

Kommunalminister Gjelsvik uttalte til fleire medium tysdag at regjeringa i siste instans kjem til å høyre på fleirtalet i Søgne og Songdalen. Og om bystyret i Kristiansand ikkje går inn for ei folkerøysting, kan staten kome til å halde ei eiga avrøysting.

Havbugta

– Vil du vere med ein tur ut på sjøen, spør Ertzeid etter rikeleg med kaffi og høllebollar.

Han tar meg med ut til øyrekka Ny-Hellesund – staden der han trådde sine sommarlege barnesko. Her hadde mannen som gav namn til regionen Sørlandet, Vilhelm Krag, lenge sitt bu. I 1917 kjøpte vener av diktaren sommarhuset «Havbugta» til han. Etter kvart vart han fastbuande og Krag døydde her i 1933.

Ute i havgapet møter vi Ingrid Juell Moe og Peder Johan Pedersen. Dei er begge imot oppsplitting av dei tre kommunane.

– Eg trur ein slik prosess vil vere opprivande. Dette kjem til å skape djupe sår og henge igjen i fleire år framover, seier Moe.

Ektemann Pedersen er av same oppfatning. Han er leiar av Agder Naturvernforbund og har tidlegare representert SV i kommunestyret i gamle Søgne.

– Eg opplever ein større profesjonalitet no enn før. Kristiansand har verdsett Ny-Hellesund på ein heilt annan måte enn gamle Søgne, seier Pedersen, før han held fram:

– I for små kommunar kan banda mellom politikarar og næringsliv verte for tette.

Folk flest

På Tangvall, det gamle kommunesenteret i Søgne, er folk vi møter, splitta. Nina Brekke kjem opphavleg frå Søgne, men har flytta til Songdalen. Ho meiner det er positivt at folket no skal få seie meininga si i ei folkerøysting. Sjølv om ho heller mot oppløysing, har ho ikkje teke eit klart standpunkt enno.

– Vi er nok ei stor gruppe som står midt imellom.

Samstundes trur ho mange i kommunen er forsiktige med å vere altfor høglydte.

– Eg trur mange er redde for å seie det dei meiner. Spesielt dei som er for å vere ein del av Kristiansand kommune.

Litt lenger borte i gata, bak kassa på Søgne Konditori, står Elisabeth Kartevoll. Kartevoll kjem opphavleg frå Finsland i Songdalen, men familien flytta for nokre år sidan til Søgne. Ho er positiv til samanslåinga. Kartevoll peiker mellom anna på at bussen inn til Kristiansand i etterkant er vorten mykje billigare. I det daglege går ho nemleg på vidaregåande i sørlandsbyen, der ho har dei fleste av venene sine.

– Eg trur ikkje det er så viktig for dei fleste på min alder, seier Kartevoll.

Uvitande

– Den siste veka har vore krevjande, det er det ikkje tvil om.

Det seier Jan Oddvar Skisland. Fredag kveld møter eg tilfeldigvis på Kristiansand-ordføraren på Søgne gamle prestegard – rett ved kyrkja der far til Bjørnstjerne Bjørnson var sokneprest i fleire år. Ap-ordføraren har teke turen ut til Søgne for å sjå framsyninga Sanger fra Søgne og verkar sliten etter ei lang veke. Under praten er det fleire som kjem bort for å takke ordføraren.

– Kva fekk du vite av leiinga i ditt eige parti på førehand?

– Ingenting, det kom som lyn frå klår himmel.

– Kva får Arbeidarpartiet og Kristiansand igjen for dette?

– Ingenting.

– Motstandarane dine peiker på at tenestetilbodet er vorte dårlegare etter samanslåinga. Kva seier du til det?

– Det er berre tull. Sjølvsagt vil det alltid vere enkelthistorier. Men eg trur folk ser meir og meir at store fagmiljø gjev meir kraft og tryggleik.

Kristiansandsordføraren er redd for at folkerøystinga, som etter planen skal gå parallelt med kommunevalkampen, vil stele merksemd frå politikken.

– Dette får ikkje verte nokon fartsdempar. Eg vonar vi alle kan ha fokus på valkampen og ikkje la dette prege han for mykje.

Framskunda

Fleire lokalpolitikarar i Kristiansand har alt lufta ideen om å framskunde avrøystinga. Pensjonistpartiet, Framstegspartiet, Demokratane og Raudt i Kristiansand har ifølgje Fædrelandsvennen stilt spørsmål til ordførar Skisland om å halde folkerøystinga alt no til hausten. Det er statsforvaltaren i Agder, Gina Lund, som har fått i oppdrag å utgreie vegen vidare.

Etter at avgjerda vart kjend, har det danna seg ei ny Facebook-gruppe som kallar seg «Ja til Søgne i Kristiansand». I løpet av eit par dagar fekk den fleire følgjarar enn motgruppa. I dag er ho oppe i 4500 medlemar.

Men Sigurd Berg Aasen er framleis optimist:

– No er det opp til folket å avgjere. Eg er sikre på at vi har eit fleirtal bak oss.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har fått ei klart dårlegare eldreomsorg, mindre pengar til skulane og eit høgare avgiftsnivå.

Sigurd Berg Aasen, Søgne-aktivist

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis