Kvalifiserte lærarar
Foto: Frank May / NTB
Det er ikkje vanskeleg å vera samd i mykje av det Hege Gjerde Sviggum skriv om dei to skulefaga musikk, og kunst og handverk i Dag og Tid 27. januar. Eg må likevel gjera merksam på at ein påstand i teksten ikkje er riktig. Sviggum skriv: «Kva skal så til for at elevane får kvalifiserte lærarar, som dei har krav på?» (mi understreking).
I norsk skule er det kun elevar i ungdomsskulen som har krav på kvalifiserte lærarar i musikk, og kunst og handverk. Der er kravet 30 studiepoeng. I barneskulen krevst det ikkje fagleg kompetanse. Sjå udir.no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.