Kval til folket, og kval i havet!KvalfangstØyvind A. HaramVi har levd av havet i tusenvis av år. Historia har vist oss at om vi ikkje tek godt nok vare på det, vil vi få store utfordringar i framtida. Norsk kvalfangst er ein viktig del av historia vår. Vi

Publisert

Vi har levd av havet i tusenvis av år. Historia har vist oss at om vi ikkje tek godt nok vare på det, vil vi få store utfordringar i framtida. Norsk kvalfangst er ein viktig del av historia vår. Vi har nemleg lært korleis vi ikkje skal drive fangst av pattedyra i havet.

I eit lesarinnlegg for litt sidan oppmodar Olav Garfors å stoppe kvalfangsten. Det er òg ein del argument i artikkelen som bør korrigerast.

Norsk kvalfangst er godkjend av regjeringa og vert støtta frå øvste hald hjå norske havforskarar, elles anerkjende som blant dei fremste i verda. Det er i dag berre lov å fangste vågekval. Noreg har sett ei kvote på 1278 dyr i år, noko vi ikkje er i nærleiken av å fangste. (I fjor vart det fangsta berre 432 dyr)

Det er ein føresetnad for alle som er involverte i fangsten at det me gjer, er bærekraftig. Kvota er sett med utgangspunkt i modellar som er utarbeidde av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Dagens fangstmetodar er òg utvikla over ein tiårsperiode, rett og slett for å ta eit langt steg unna dei metodane som vart brukte for meir enn 50 år sidan. Dokumentasjon viser òg at svært få dyr i verda dør like raskt som kvalen.

Fiskarar og forskarar melder i 2018 om store mengder kval i havet. I desse dagar blir dessutan arbeidet med å få kjennskap til kor mykje villfisk kvalane i dag tek ut i nordområda, sluttført. (Teikn tyder på at dei tek langt meir fisk enn kva vi i dag veit.)

Dei fyrste dyra som vart tatt i årets fangst, haddee store mengder skrei i mageinnhaldet; vågekvalen jaktar med andre ord der han kan finne mat. Som kjend har det vore svært mykje kval nær kysten dei siste åra. Slike mengder er det svært langt tid sidan det har vore langs kysten. For vi som lever av havet, er det viktig å kunne bruke næringspyramiden på rett måte. Feil uttak gjev utslag andre stader i kjeda. Å stogge heilt opp all kvalfangst vil med andre ord få store konsekvensar for anna fiske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement