Kva vil vi med norskfaget?SkulenThomas KlevmarkHarestuaDebatten om norskfaget i skulen held fram, og bra er det, for forslaga med dei såkalla kjerneelementa verkar ikkje lovande. Det har komme mykje kritikk av manglande djupn innanfor både språk- og litter

Publisert

Debatten om norskfaget i skulen held fram, og bra er det, for forslaga med dei såkalla kjerneelementa verkar ikkje lovande. Det har komme mykje kritikk av manglande djupn innanfor både språk- og litteraturdelen i forslaga. Eitt er sikkert alle samde om: Faget kan ikkje femne om «alt». Kva skal det innehalde?

Det kan synast som litteraturhistoria, språkhistoria og grammatikken er dei mest sentrale områda for somme av kritikarane, såleis for Kjetil Dokset i siste nummer av Dag og Tid. Ja, desse emna er relevante og dessutan greie å eksaminere i – men utgjer dei sjølve kjernen i faget? Trass alle veikskapar har «fagfornyinga» synt fram nokre vesentleg sider ved faget, nemleg tekststudium og kommunikasjon. Det kritikkverdige er den einsidige satsinga på desse emna og den svake faglege forankringa. Alt av tekst og kommunikasjon frå notida blir eigenleg vurdert som interessant, ikkje minst alt som er eigenprodusert (!) – bort med «det gamle»!

Andsynes denne snevre, notidsorienterte tekst- og kommunikasjonstenkinga vil mange meine at ein treng både ei tydeleg fagleg forankring og ein historisk dimensjon for å gjere faget meiningsfylt, forståeleg og motiverande. For elevane er det til dømes meir givande å studere korleis språket har utvikla seg over tid, enn å setje seg inn i nyare, men no utdaterte rettskrivingsreformer som «fagfornyarane» vil prioritere. Like eins er det truleg meir spennande med ein frisk tekst av Snorre, Petter Dass eller Wergeland enn med mang ein moderne tekst. Ein god Wergeland-tekst er verdslitteratur av høg klasse! Ein må også vakte seg for å tru at klassiske norskspråklege tekstar verkar ekskluderande på den store og veksande gruppa av elevar som i dag har annan etnisk bakgrunn enn den norske. Tvert om er det den norskspråklege kulturen som er den felles referanseramma for alle, på tvers av det store mangfaldet – ja, her finn vi kanskje den viktigaste arenaen for integrering. Eit poeng må då vere å gjere elevane i stand til å lese tekstar av ymse slag gjennom auka språkleg innsikt.

Kva skal då faget innehalde?

At elevane må få god trening i munnleg og skriftleg kommunikasjon, er innlysande. Denne treninga bør vere konsentrert om aktivitetar som er knytte til fagets eigenart, altså den norskfaglege konteksten.

Skal elevane få reelt utbytte av tekstar av ulike slag, må språkopplæringa få ein brei plass, med perspektiv på både notid og fortid, høvesvis grammatikk og språkhistorie, men med bruk av praktiske døme heile vegen. Litteraturhistoria er ein kulturhistorisk disiplin som òg må ha ein viss plass, men denne må vere klart underordna sjølve tekststudiet. Dei litteraturhistoriske oversiktene er av svært varierande kvalitet. Nokre er for abstrakte og generaliserande, haldne i ein sakleg, men turr stil, og verkar lite inspirerande. Dei oversiktene kan i verste fall sperre for den gode leseopplevinga. Andre er langt betre og kan ha ein pedagogisk funksjon – men dei bør i alle høve ikkje vere hovudsaka. Dei er og blir sekundære, mens det primære jo er dei einskilde tekstane. Gode litterære tekstar er utømmelege kjelder til kunnskap og refleksjon, på tvers av tid og rom, og dei må ha førsteprioritet. Om ein set av nok tid, vil ein sjå at desse tekstane lever!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement