Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Kva vi legg i omgrepa, er viktig for vår forståing av både fortida og samtida.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nazismen, kommunismen og fascismen var diktatoriske rørsler som delte forrykte mål og ekstreme verkemiddel for å nå dei.

2389
20240531
2389
20240531

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kommunismar

Professor Bernt Hagtvet bør lesa seg meir opp på historia til dei kommunistiske ideologiane og ikkje fremja historieforteljinga til den totalitære kommunismen.

Under overskrifta «Den totalitære kommunismen» i Dag og Tid 25. mai tek Bernt Hagtvet eit oppgjer med kva Raudt-leiaren noko flåsete sa til NRK ved eit nyleg høve: «I Raudt kan ein kalla seg kommunist, sosialdemokrat, feminist, anarkist eller bassist (…).» At leninistar er hjarteleg velkomne i Raudt, tvilar eg ikkje på, men kva i alle dagar ein anarkist skulle ha å gjera i Raudt, må ein undra seg over.

«Nokon kvar kan vinna på å tenkja over kva ulike omgrep tyder.»

Kva vi legg i omgrepa, er viktig for vår forståing av både fortida og samtida. Og av idéhistoria. Når representantar for Raudt nyttar omgrepet «kommunisme», meiner dei venteleg det same som Hagtvet, og det er autoritær kommunisme som leninisme og den slags.

Å slå strek over at omgrepet «kommunisme» har vorte bruka av fleire ideologiske retningar enn leninismen og dei totalitære retningane som har sprunge ut av han, som stalinisme og maoisme, er å fremja delar av forteljinga til nettopp dei same autoritære kommunistane. Gjer ein det, slurvar ein med omgrepa, og det som verre er – ein syner manglande respekt for ikkje-autoritære kommunistar, til dømes rådskommunistar og kommunistiske anarkistar, som ein finn blant offera til dei ulike autoritære og totalitære kommunistiske regima.

Ikkje berre har desse blitt fengsla og avretta av desse regima, dei er òg blant dei som har vorte forsøkt sletta frå historia, vår kollektive hukommelse, av dei. Skjebnane til nokre av dei finn ein skildra i bøker som Living my life av Emma Goldman, The unknown revolution av Voline og The guillotine at work av G.P. Maximoff.

Nokon kvar kan vinne på å tenkja over kva ulike omgrep tyder, før ein nyttar dei. Kommentaren til Hagtvet reiser spørsmålet om hans tilhøve til ideologiske grunnomgrep syner eit tilstrekkeleg presisjonsnivå. At dei friheitlege kommunistiske retningane så å seia er utkonkurrerte av dei totalitære, tyder ikkje at dei aldri har eksistert.

Ein skal vere varleg med å skriva noko som går på tvers av vanleg forståing, så for all del – eg har inga tru på «friheitleg kommunisme» eller andre utopiar; eg trur ikkje på noka betre verd.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis