Kva var omsetjing for okkupanten?
NS fylka til «kulturting» i Erkebispegården 25.–27. juli 1944: Frå venstre «kommissarisk statsråd» Birger Meidell, forfattar og direktør for Statens teaterdirektorat Finn Halvorsen, bilethoggar Wilhelm Rasmussen, NS-førar Vidkun Quisling, målar og direktør ved Nasjonalgalleriet Søren Onsager, geolog, polarforskar og rektor ved Universitetet i Oslo Adolf Hoel og Dagsposten-redaktør Johannes Knudsen. Bakarst kan ein skimte pressemann Torstein Lange og forfattaren Kristen Gundelach.
Foto: Riksarkivet
Kronikk
Rikskommissariatet var meir aktivt med på å promotere omsett litteratur enn ein tidlegare har visst.
Fleire debattar lurer under debatten som oppstod etter at Den norske Forfatterforening i 2018 bad om orsaking for verksemda til æresretten sin under krigsoppgjeret i 1945 og 1946. Det dreiar seg om kunstnariske førestillingar om nøytralitet i diktatur, om at orsakinga for verksemda til æresretten var naudsynt, og om dei vilkåra forfattarar og omsetjarar arbeidde under gjennom okkupasjonsåra. Her ønskjer vi å skrive om det siste. Det viser seg at Rikskommissariatet var meir aktivt med på å promotere omsett litteratur enn ein tidlegare har visst.
I det heile var litteraturen eit viktig våpen i kampen om hjartet til dei okkuperte. Dette gjennomsyra kultur- og litteraturpolitikken i det okkuperte Noreg. For den omsette litteraturen sin del starta reguleringa med spørsmålet om ein særeigen skatt. Dette endra seg til å bli eit system med full førehandssensur. Dessutan promoterte okkupanten aktivt omsetjing av bøker som ein såg det som formålstenleg å få norske forlag til å gi ut.
Engasjement for skatt
Forfattaren Kristen Gundelach var ein av fleire renommerte nordmenn som deltok i utforminga av kultur- og litteraturpolitikken i det okkuperte Noreg. Som leiar for forløparen til det nazistiske kulturrådet var han blant anna involvert i utforminga av ei eiga forordning for omsett litteratur.
Gundelach engasjerte seg for innføring av ein ny skatt, noko han grunngav på ideologisk vis: Han meinte at ein burde skattleggje omsett underhaldningslitteratur, mens høgverdig litteratur burde vere unnateke. Han såg for seg «en utsortering av avgiftspliktig sprøit til fordel for lesestoff som ved sin høie kvalitet undgår avgifter – altså en kulturell vinning», som han skreiv i eit innspel til Kultur- og folkeopplysningsdepartementet.
Gundelach var opphengd i skiljet mellom litterær kunst frå store forfattarar og «utenlandsk sprøit», som han meinte brukte opp «det norske folks leselyst og kjøpeevne». Han ville ikkje samle desse i same kategori. Det kjem fram i måten han innleier innspelet sitt på:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.