Kva tid er ei bedrift berekraftig?TransportøkonomiIdar Mo, SogndalFrå eit representativt utval på 225 norske bedrifter peikte eit representativt utval av 6000 nordmenn ut statsbedrifta NSB som den mest berekraftige bedrifta i landet. Må ei bedrift ha nærma
Frå eit representativt utval på 225 norske bedrifter peikte eit representativt utval av 6000 nordmenn ut statsbedrifta NSB som den mest berekraftige bedrifta i landet. Må ei bedrift ha nærmare 400 milliard kroner i statstilskot i 12-års perioden 2018–29, noko som er tre gonger så mykje tilskot som til jordbruket, for å bli definert som berekraftig? Det som tel mest for haldningane til folk, er at den statlege informasjonen som vert formidla gjennom pressa, seier at jernbana er grøn, basert på manglande og forfalska statistikk. At over 80 prosent av tilskota går til transport internt og til/frå Oslo/Akerhus, forklarar det som skjer.
Som utgangspunkt for datadrøftinga tek eg miljødebattar i Bergens Tidende. Under tittelen «Høyres miljøbløff» i BT 25.4. skriv leiar for Grøn Ungdom, Hordaland dette: «Regjeringen har levert en nasjonal transport- og motorveiplan i strid med klimamålene. Det virker som om det sterkeste engasjement dreier seg om å beskytte vår mest forurensende næring, og retten til å kjøre bil.» Grøn Ungdom og Miljøpartiet Dei Grøne går for lyntog i staden for motorveg og utbetra kyststamveg.
Eit verre miljøtiltak enn tog eksisterer knapt når ein tek utgangspunkt i ressursbruk og konsekvensane for globale klimagassutslepp. Frå Nasjonal transportplan 2018–29 kan vi sjå at det kostar 14 kroner å transportere ein person ein kilometer med tog, av dette kostar bygging og vedlikehald av køyrevegen 10 kroner, og 2 kroner er staten si støtte til drift av tog med meir. Brukaren betalar berre 2 kroner.
Dette er gjennomsnittstal for tog, og går vi til dei grøne sin favoritt, som er lyntog, kan vi femdoble staten sine kostnader for å transportere ein person, noko som vil skje på Intercitytoget på Austlandet, men òg på ei ny rask Bergensbane. Frå planen ser vi at statstilskotet til tog er nærmare 400 milliardar kroner i 12-årsperioden 2018–29 for å få transportert to prosent av godset og ein prosent av personreisene i landet. Intercitytoget går heile tida parallelt med fire felts motorvegar som er brukarbetalte frå bompengar og særavgifter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.