«Kva slags motiv hadde Emin for å støype ein salbar skulptur i bronse i tre utgåver under konkurransen?»
«Moren» utanfor Munchmuseet.
Foto: Heiko Junge / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
«Moren»
Kulturetatens innlegg i Dag og Tid 11. oktober i år speglar ein godt gjennomført internasjonal kunstkonkurranse. Men skildringa stemmer ikkje med mine funn, og dei har vore mange, overraskande og urovekkjande.
Eit hovudspørsmål er: Kan ein kunstnar – ein av sju handplukka – delta med noko som er laga frå før, utan å opplysa om det? Ifylgje Ole Slyngstadli, fungerande leiar ved avdeling kunst i Kulturetaten, og Lily Vikki, prosjektleiar i Oslo kommunes kunstsamling, er det uproblematisk. Grunngjevinga er «pågåande prosess».
Harry Weller, Tracey Emins assistent, seier eksplisitt at den opphavlege modellen vart laga i 2017. Då er det oppsiktvekkjande at Emin daterer gipsmodellen ho leverer juryen «2018».
Korleis hadde juryen reagert om modellen hadde vore korrekt datert «2017»? Måtte dei ha avvist verket, som verken var nytt eller utvikla for staden? Om ikkje anna, så av omsyn til dei seks andre kunstnarane? Men av di Emin daterte modellen «2018» og tagde, var juryen i god tru.
I konkurranseåret 2018 gjentar mønsteret seg: Emin teier om støypinga av «Moren» i tre meter i bronse i London. Avsløringa kjem først fire månader etter at vinnaren vart kåra.
Juryleiar Andrea Schlieker uttrykkjer vantru. «Are you sure this story is true? I can’t believe it.»
Kulturetaten godtek forteiinga: Atterhald av grunnleggjande informasjon, er igjen utan betydning for konkurransen. Dei visste ikkje om støypinga før dei fekk invitasjon til Emins utstilling i London, men er nøgde: No får dei sjå korleis skulpturen tek seg ut.
Og kunstnaren vert tilgjeven: I kontrakten med Oslo kommune, signert i 2020, får Emin løyve til å lage dei tre skulpturane som allereie er støypte, stilt ute og selde. Men vart dei tre skulpturane daterte støypeåret 2018? Nei, dateringa er «2017». «For å ære originalmodellen frå 2017», grunngjev Weller. Jamvel Kulturetaten opplever Emins datering som uvanleg.
Funna kan gje inntrykk av at Kulturetaten freistar glatta over det som ikkje passar inn i deira forteljing. Til dømes feilinformerer Kulturetaten om ein kontraktfesta avtale med kunstnaren om formell godkjenning av ein bronseskulptur på tre meter.
Etter rundar med spørsmål kjem svaret: «Ovennevnte innebærer at det ikke forelå noen avtale om en formell godkjenning av skulpturen, og vi beklager at vi har vært upresise med hensyn til dette tidligere.»
Etaten held òg attende saksdokument i fire månader. Først når Statsforvaltaren grip inn, vert eit anonymt varsel om inhabilitet avdekt: «Juryleiar Andrea Schlieker jobba for White Cube og hadde økonomiske interesser av å fremja sal for Emin.»
Både White Cube og Schlieker avviser påstanden. Det gjer òg kommuneadvokaten, som etter påtrykk frå Oslo byråd vurderer saka.
Etter dette har Kulturetaten innført nye rutinar som sikrar at habilitet vert sjekka og skriftleggjord i samband med kunstoppdrag.
Funna vitnar om utfordringar undervegs. Dei kan botne i møtet mellom ei transparent offentlegheit og ei eksklusiv, lukka, global kunstverd. Likevel, all den tid kunsten er offentleg finansiert, forventar skattebetalarane openheit om prosessen. Særleg av di Oslo kommune brukte om lag 120 millionar kroner på det nye attraksjonsområdet med «Moren» utanfor Munchmuseet med kunst, landskap og konstruksjon av Inger Munch brygge.
Kulturetaten legg vekt på at skulpturen er, eller rettare, er blitt stadsspesifikk etter at «Moren» kom på plass, med til dømes ei blomeeng og skiltet «Moren i enga». Var ikkje skulpturen stadsspesifikk i starten, skulle han bli det seinare. For ikkje noko i Emin sitt forslag indikerer stadsspesifikke element.
For Kulturetaten er det avgjerande at modellen frå 2017 ikkje var vist fram offentleg før Emin vart kåra til vinnar. Men kva med «Moren» på tre meter som vart stilt ut i London og seld i tre utgåver i 2019, før kontrakten vart underteikna i 2020? Kvifor er ikkje dette salet nemnt i kontrakten, når salet av dei ti mindre bronseskulpturane er det? Har salet økonomiske fylgjer for konkurransehonoraret? Vinsten for dei ti miniutgåvene fekk jo Oslo kommune.
Kva slags motiv hadde Emin for å støype ein salbar skulptur i bronse i tre utgåver under konkurransen? Er det fordi skulpturane då kan stillast ut og seljast uavhengig av konkurranseutfallet?
Ifylgje Harry Weller er motivet: «We began production of the 3-meter bronze sculpture [...]. To be clear, you can not go from 25 cm to 9 meters. The 3-meter sculpture was a necessary part of the upscale process.»
Kulturetaten gjentek Wellers grunngjeving.
Men har ikkje dei mest proffe europeiske støyperia teknologi til å forstørre skulpturen utan å gå vegen om mindre skulpturar i bronse?
Dei generelle svara frå fleire nordiske støyperi lyder: Vi kastar ikkje bort bronse unødig. Som oftast kjem modellen som 3-D fil og vert frest ut i eit skummateriale, til dømes isopor.
Sist, men ikkje minst, Slyngstadli og Vikki har sjølvsagt rett i at det ikkje er uvanleg at kunstverk finst i mange versjonar og utgåver. Men er det vanlig at kunstnarar i internasjonale konkurransar, lagar 10–15 mindre skulpturar og sel dei før vinnarskulpturen er avduka?
Om desse skulpturane hadde vore laga, stilte ut og selde etter avdukinga i Oslo 4. juni 2022, hadde Kulturetaten truleg hatt endå større grunn til å vere nøgde med resultatet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.