Kva skil Tvedt, Bye og Gahr Støre?SAMFUNNTRYGVE REFSDALVOSSI si nye bok har Terje Tvedt skildra gjennombrotet for nye tankar kring globalisering, migrasjon og bistand i Noreg. Ei stor forteljing, som Dag og Tid-lesarar har fått utdrag frå.
I si nye bok har Terje Tvedt skildra gjennombrotet for nye tankar kring globalisering, migrasjon og bistand i Noreg. Ei stor forteljing, som Dag og Tid-lesarar har fått utdrag frå.
Jonas Gahr Støre skriv om boka i eit essay, «Terje Tvedts utvalgte verden». Boka held ikkje mål som kritisk forsking, skriv han, men er meir ei forteljing om kva Tvedt meiner om samfunn og makt. Som han skriv: «Eksemplene han velger er selektive, valgt og klippet til for å passe inn i nettopp denne fortellingen».
I spalta «Ordskifte» i Dag og Tid sluttar så bistandsveteranen Vegard Bye seg til dette. Begge reagerer sterkt på eit ord Tvedt nyttar, kanskje for å provosera: «Godhetstyranni». Og begge knyter det til Sylvi Listhaug.
Ordbruken viser at her er ein avgrunn mellom ulike syn i denne saka. Eg trur mykje har skuld i at perspektiva er så ulike. Sett ovanfrå og utanfrå har globalisering og ‘det internasjonale samfunnet’ ein god klang; det kan bidra til konfliktløysing, fred, hjelp til dei fattige og forpliktande samarbeid. Me kan møtast på tvers av landegrenser og kulturar, i harmoni.
Sett nedanfrå og innanfrå ser mange verdiar knytt til det lokale og det nasjonale, og til våre tradisjonar. Dei fryktar endringane som skjer. Stundom slår dette ut i raseri. I begge perspektiva finn me innslag av romantikk. Mest romantisk er vel det topporienterte - eliteperspektivet?
Eg har i nokre år undervist studentar i Tanzania, Etiopia og Uganda. På eit seminar i Malawi møter eg to av dei, Bariiki og Juma, klassekameratar, femten år etter. Bariiki, i svart dress og svarte sko, har gjort ein internasjonal karriere. Juma, i jeans og slitne joggesko, arbeider i heimlandet, i Shinyanga. Bariiki tener 13 gonger så mykje, og får si løn i dollar. Juma får si løn i lokal valuta, lite verdt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.