Kva skal vi tru?POLITIKKEivind SivertsenBardufossOmreisande representantar frå partiet Høgre kom på døra mi ganske nyleg. Det var trivelege folk som delte ut valbrosjyrar frå partiet.

Publisert

Omreisande representantar frå partiet Høgre kom på døra mi ganske nyleg. Det var trivelege folk som delte ut valbrosjyrar frå partiet.

På framsida av brosjyren står det: «Vi tror på Nord-Norge». Dette er vel meir overtru enn tru. Rett nok er vi oppegåande her nord. Vi leverer, trass i negative tilhøve både frå klima og topografi, og store avstandar – både geografisk og tankemessig – frå dei som fordeler goda her i landet. Men om vi framleis skal vere leveringsdyktige, treng vi infrastruktur på linje med resten av landet. Det har vi ikkje.

Ordet jernbane finst ikkje blant dei om lag 750 orda i brosjyren. Jernbane kopla med Nord-Noreg er ikkje tema, for ikkje å seie anatema i sentrale høgrekretsar. Trass i dette var Høgres stortingsrepresentant fra Troms, Kent Gudmundsen, til stades på jernbanemøtet i Tromsø 10. august i år. Der sa han seg samd i at Tromsbanen – ein del av Nord-Norgebanen (NNB) – måtte gjennomførast innan 2029. Når ei så viktig sak for vårt framtidige Nord-Noreg ikkje er nemnt i Høgres valmateriell, er det vanskeleg å tru på at partiet tek saka på alvor.

Stambanen vil vere det beste enkeltståande tiltaket for vidare utbygging av Nord-Noreg ein kan tenke seg. Han vil bli positiv for alle sektorane i samfunnet – kan hende med unntak av reindrifta. Men sjølv her gjev han ikkje vesentlege skadar med fornuftige byggemetodar, og vil også ha sine positive sider. Jernbane krev dessutan langt mindre areal enn veg.

At manglande jernbane utan tvil er det beste middelet for å halde fram med den uoffisielle kolonistatusen vår på mange område, er nok ein vesentleg del av bildet.

Det er ei skam for Noreg og for norsk samfunnstenking at stambanen gjennom Nord-Noreg ikkje for lenge sidan er på plass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement