JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kva skal vi med humanistane?

Kjeldekritikk er motgifta mot konspirasjonsteoriar, politisk manipulasjon og løgn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Studentar på lesesal ved Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

6327
20240308
6327
20240308

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Utdanning

På Humanistisk fakultet ved Universitetet i Oslo går det rundt 6000 studentar. Med høge studielån og utan eit klart yrke i sekken skal dei etter kvart ut og søkje seg arbeid. For kva i all verda skal dei drive med – og ikkje minst leve av?

Dei færraste humanistar endar jo opp som forskarar på eit universitet, sjølv om mange lærarar har utdanning i humaniorafaga. Så kva skal samfunnet med alle dei andre humanistane? Vi har då nok av folk her i landet med lange utdanningar som ikkje kvalifiserer til eit yrke?

Humaniora handlar om menneskevitskapar og åndsvitskapar. Det er bra ord. Vi må framsnakke dei meir! Spørsmålet er kvifor.

Eit menneske

Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson er inne på nokre svar i si siste bok. Den har den glitrande tittelen Kva gjer vi her?. Robinson er oppteken av å gå til kjeldene og til historia for å møte samtida. Ho set ord på kva ho meiner eit menneske er – og kva vi driv med i livet. Ein gjennomgåande tråd er opplevinga av at amerikanarane er djupt splitta og polarisert. Ho legg skulda på den intellektuelle kulturen i USA. I forordet til essaysamlinga skriv ho at vi lèt ideologi overta for det å tenkje. Robinson har ei religiøs overbygning, men det er heldigvis ikkje berre dei truande som treng å tenkje.

Som Kaja Schjerven Mollerin skreiv i si omtale av Robinson i Aftenposten: Vi har mista eit moralsk vokabular som vi i dag kunne hatt god bruk for: sjel, von, tru, nåde og sanning. Marilynne Robinson skriv med andre ord om menneskevitskapar og åndsvitskapar. Kva gjer vi her? er ei hylling av humaniora.

«Vi treng språk for å forstå kvarandre, og vi treng historie for å sjå kvar vi kjem frå.»

Kvifor treng vi humaniora?

Vi treng språk for å forstå kvarandre, og vi treng historie for å sjå kvar vi kjem frå, kven vi er, og kvar vi skal. Det handlar om fortid, notid og framtid. Og det handlar om korleis pressa og sosiale medium kvar dag vert prega av kampen om fakta. Noko av det viktigaste innanfor humaniora er kjeldekritikk. Den er motgifta mot konspirasjonsteoriar, politisk manipulasjon og løgn.

Humanistane lærer at sjølv om ei kjelde er full av løgn, så kan vi likevel lære noko av ho. Løgna fortel noko om avsendaren, men då må vi vere i stand til å forstå kven avsendaren er, og i kva for ein kontekst det er sagt eller skrive. Det handlar om kva slags briller vi har på oss når vi les og høyrer om nye såkalla sanningar.

«Inn i historia»

7.–21. mars 2024 arrangerer Universitetet i Oslo festivalen «Inn i historia». Målet er å synleggjere den relevante og spanande forskinga som skjer på Universitetet i Oslo. Det handlar om å skape eit engasjement utanfor dei lukka akademiske romma og syne kvifor humaniorafaga er viktige både for oss og for verda vi alle lever i og på. Nokre av desse faga er små og sårbare. Dersom det er rekrutteringa til faga som avgjer om dei er liv laga, så står fleire fag utsett til.

Universitetet vil utdanne studentane til eit arbeidsliv som treng dei. Finn.no og Jobbnorge.no struttar ikkje akkurat av relevante jobbar for nyutdanna humanistar. Samfunnet skrik etter faglært arbeidskraft og menneske med yrkesutdanning som ingeniørar, sjukepleiarar og lærarar. 8. mai 2023 annonserte dåverande minister for forsking og høgare utdanning Ola Borten Moe at NTNU skulle opprette utdanning for flyingeniørar. Det er naudsynt no som angrepskrigen til Russland resulterer i eit enormt behov for militarisering og kvalifisert personell. Det er lenge sidan flyingeniørar vart utdanna i Noreg. Fyrste kull byrjar i mars 2024.

Khrono, den digitale avisa for universitets- og høgskulesektoren, melde i mai i år at rundt 65 humanistiske fag er nedlagde i løpet av 20 år ved NTNU, Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og UiT Noregs arktiske universitet. Talet gjeld studium på bachelor- og masternivå og årsstudium. Dersom enkeltemne vert inkluderte, vert talet endå høgare. At vi treng flyingeniørar, er lett å skjøne når vi treng fly. Men som samfunn treng vi meir!

Kva kan ein humanist?

Ein humanist kan skrive, finne fram i litteratur og kjeldemateriale og reflektere metodisk over kva hen har kome over. Treninga i å samarbeide med andre og presentere og argumentere for eigne tankar er heller ikkje å forakte. I dei seinare åra er også det grøne skiftet og digitalisering i forsking og utdanning blitt ein stadig viktigare del av humaniora. Alle utdannar seg til å bli kritiske og tenkjande menneske. Danning, vart det kalla før i tida. Endå eit ord vi må framsnakke!

Så vidt eg veit, har ingen i Noreg døydd av ikkje å lese ein roman eller av ikkje å kunne gresk, fransk eller tysk. Mange lever godt utan å kjenne til verdshistoria. Andre er totalt uinteresserte i religionsvitskap. Forskingsrådet slår fast at dette er fag som har det til felles «at de søker å fortolke, forklare og forstå mennesket, menneskelige uttrykk og menneskers kulturelle omgivelser». Med andre ord ikkje ein heilt uvesentleg kompetanse å ta med seg dersom ein er oppteken av kva slags liv vi lever og ynskjer å leve.

Investere i utdanning

Då leiaren av Oljefondet, Nicolai Tangen, tala til studentane ved Universitetet i Oslo i haust, slo han fast at det beste investeringsrådet han kunne gje studentane, var å investere i eiga utdanning. «Reis ut i verda, lær språk, tenk tverrfagleg og bland inn alle moglege fag i utdanninga di.» Han la til at det som gjer det gøy å jobbe med investeringar, er at det handlar om menneske, fordi det handlar om kva som påverkar menneskelege avgjerder. Det gjorde godt for ein humanist som meg å høyre at sjefen for dei hardaste verdiane i Noreg drog menneskevitskapar opp til eit toppnivå.

Marilynne Robinsons tankar er heller ikkje avgrensa av hennar eigen ståstad. Ho er oppteken av at vi skal oppdage på nytt eit språk som anerkjenner det store mysteriet og den verdigheita som bur i menneska. Med andre ord leiter ho etter svar på dei store spørsmåla. Same kva slags livstru du har, så er det ikkje så dumt å undre seg over kva livet faktisk er, og kva vi nyttar det til.

Difor – og nett no som verda brenn både i Gaza og i Ukraina – treng vi fleire humanistar!

Agnete G. Haaland er skodespelar og prosjektleiar for festivalen Inn i historia.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis