Kva skal vi gjere med det?MeToo-rørslaIngvild Skodvin PrestegårdEg har lese i fleire norske aviser om #MeToo-rørsla i den siste tida, og tykkjer vi har skrive oss litt ut på sidelinene. Eg meiner debatten må rammast inn att i kva rørsla eigentleg handlar o

Publisert

Eg har lese i fleire norske aviser om #MeToo-rørsla i den siste tida, og tykkjer vi har skrive oss litt ut på sidelinene. Eg meiner debatten må rammast inn att i kva rørsla eigentleg handlar om.

#MeToo handlar om at kvinner fortel at dei har opplevd seksuell trakassering. Trakassering tyder at nokon har vore utsett for uønskt merksemd, og inkluderer både små og store ting. Poenget her er ikkje kor alvorleg trakasseringa er, poenget er at trakasseringa skjedde.

Takka vere sosiale medium og pressedekkinga er det ikkje lenger tvil om at kvinner opplever enorme mengder seksuell trakassering og i ein slik grad at det er tydeleg at trakasseringa er systematisk og institusjonalisert.

Dette er ny kunnskap i den offentlege sfæren, av di kvinner tidlegare har opplevd at dei ikkje fekk tale, ikkje vart trudde, eller at forteljingane deira vart endra. Kvinner vart møtte med spørsmål om kva dei gjorde sjølve, kva dei hadde på seg, og kvifor dei trudde denne mannen var interessert i dei. No har desse avleiings- og hersketeknikkane mista makta si.

Kvinner tør no å varsle og fortelje. Dette er i seg sjølv ein siger for #MeToo-rørsla. Røystene deira vert høyrde og trudde, og forteljingane vert respekterte. Det har vore ein flaum av røyster, nettopp fordi dei har vore avstengde tidlegare.

Samstundes må vi halda i hevd rettsstatlege prinsipp. #MeToo-rørsla utfordrar desse, ettersom den systematiske og institusjonaliserte trakasseringa har fått ture fram innanfor rettsstaten vår. Problemet er ikkje #MeToo-rørsla, men at rettsstaten ikkje har fungert slik han skal. Vi må sjå endringar i handsaming av seksualisert vald i etterforsking og domsgjeving, vi må få trua attende på at rettsstaten vår tek vare på alle borgarane, også kvinner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement