JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kva skal me gjere med Nav?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4763
20230616
4763
20230616

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Forvalting

I ein framifrå artikkel i Dag og Tid 12. mai gjekk Eva Aalberg Undheim djuptgåande til verks i sin analyse av Nav. Heilt på sin plass viser Undheim til korleis Nav produserer sjølvforskylde feilvedtak, ikkje tek nok omsyn til brukaren og har gjort det nær umogleg å få kontakt med rett saksbehandlar.

Men diverre er det meir som er skakkøyrt i Nav enn vektlegginga av effektivitet framføre kvalitet. Eg hadde Nav som min faste arbeidsplass i 14 år, der eg jobba med verksemd- og økonomistyring i ulike delar av Nav. På bakgrunn av dette meiner eg å kunne seie noko om nokre av dei største problema som plagar Noregs viktigaste etat, og litt om kva som kan vere lurt å gjere.

Nav deler ut og brukar om lag 35 prosent av statsbudsjettet kvart år. Målt i realverdi i 2021-kroner har utgiftene til folketrygda auka med 70 milliardar kronar frå 2010 til 2019, til 494 milliardar kroner. Frå 2019 til 2030 ventar ein at utgiftene aukar med ytterlegare 94 milliardar kroner til 589 milliardar kronar. I tillegg kjem Navs driftsbudsjett på om lag 13,3 milliardar kroner i 2022.

Dei fleste av Navs hundrevis av einingar har årsbudsjett, ikkje langtidsbudsjett. Kvar eining kan få vidareført inntil 2 prosent av mindreforbruket sitt til neste års driftsbudsjett. Dette resulterer i vand langtidsplanlegging. Diverre er det mange plassar i Nav ei usikkerheit for at summen av pengar til overs blir brukt som argument for kutt i påfølgande års budsjettfordeling. Det finst altså insentiv for øydsel, og eg har aldri i mine 14 år i Nav sett eit einaste eksempel på konkret insentiv til å gå med mindreforbruk (i det private kjent som «overskot»).

Pengebruken, når me ser vekk frå ytingane, går i all hovudsak til løn, kjøp av konsulenttenester og eigedomskostnadar. Talet på tilsette er notorisk vandt å leite fram. Regjeringar sidan 2006 har tala om behovet for effektivisering av Nav. Eg skulle gjerne sett Nav leggje fram tal på kommunalt og statleg tilsette for perioden 2006–2023. I alle einingane eg arbeidde i, såg eg aldri ein reduksjon i talet på tilsette.

Me veit at det er minst 22.000 tilsette, og i ein så stor arbeidsstokk og bysantinsk organisasjonsstruktur fylgjer det au med mange mellomleiarar. Desse har mykje høgare årsløn enn vanlege Nav-tilsette, ifølge SSB i snitt mellom 800.000 og 1.000.000 kroner i året. Kostnadar til konsulentar auka au. I 2022 betalte Nav 878 millionar kroner til eksterne konsulentar, det er en kostnadsauke på 53 prosent sidan 2017. Ved (sjeldne) reelle budsjettkutt er det særs sjeldan talet på tilsette som blir kutta. Eit såkalla tilsettingstopp er vandt å få til på grunn av sterk motstand frå LO (v/NTL).

Eit godt døme på det sterke stillingsvernet er den trass alt vellukka digitaliseringa av foreldrepengeordninga. Særs mange Nav-tilsette sat på forvaltningseiningar og behandla desse søknadane. Etter lanseringa av den digitale løysinga forsvann minst 60 prosent av det manuelle arbeidet tilknytt foreldrepengesøknadane. Ingen av dei som arbeidde med dette, mista jobben som følge av digitaliseringa. Og nei, det var ikkje eit varig skrikande behov for dei same folka andre stadar i Nav.

Men, trass i desse strukturelle utfordringane – i Nav er det tabu å nytte ordet problem – kan me spore elendigheita til byrjinga. Nav-reforma i 2006 var, og her må eg ty til kraftuttrykk, vederstyggeleg. Kongstanken var som kjent ei dør inn til Nav, med høg kompetanse i alle ledd der folk bur. Det som skjedde, var at tre dører (Aetat, Trygdeetaten og sosialkontora) blei til éi dør som opnar seg inn til ein labyrint full av tylftevis med dører. I lokalsamfunna var det ofte dei med lågast løn og kompetanse som ble verande. Desse fekk jobb i dei lokale såkalla Nav-kontora, som for det meste tar imot søknadar og gjev generell rettleiing.

Mange andre Nav-tilsette flytta til anonyme forvaltningseiningar fjernt og hermetisk utskilde frå dei som nyttar tenester frå Nav, kalla brukarar. Eg vil hevde at dette ordet, brukar, gjer at folk får minska menneskeverdet sitt. Ein burde spørje seg kvifor Nav tilsynelatande er allergisk mot ordet kunde når dei i alle andre døme, utan hell, prøvar å drive Nav som eit AS.

Det er mykje meir eg kunne ha ramsa opp. Men oppsummert meiner eg politikarane må tygge i seg vyrdnad og sure eple og kaste Nav på historias skraphaug. Lag noko nytt frå botnen med langt færre og enklare ytingar og tilsette. Og for himmelens skuld: Endre namn! Eg meiner, NAV, med store bokstaver...? Det var i si tid meint som eit mellombels namn og stod for «Ny Arbeids- og Velferdsetat». Gjev etaten eit skikkeleg namn og kall han i staden Velferdsetaten. Enkelt og greitt.

Thomas Rosseland Wiborg-Thune har tidlegare vore tilsett i Nav.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis