Kva litteraturfolk kan snadre omOlav. H. HaugeRonny Spaans ogKlaus Johan Myrvoll, OsloÅ laga lister over det beste og det verste ein veit, er djupt menneskeleg. Umberto Eco har skrive ei bok om å laga lister:

Publisert

Å laga lister over det beste og det verste ein veit, er djupt menneskeleg. Umberto Eco har skrive ei bok om å laga lister: The Infinity of Lists er tittelen på den engelske omsetjinga (2009). Det handlar om å samle, katalogisere og rangere. Olav H. Hauge var ram på å laga lister. Dagbøkene hans er gjennomsyrde av «endeløysa til listene». Om han ikkje lagar sine eigne lister, kommenterer han listene til andre, som i mars 1959 i dagboka: «’Nygard er en av de fem–seks lyrikere som betyr noe’, segjer Greiff. Kven dette er, segjer han ikkje, men eg kan tenkja meg at lista ser slik ut: Wergeland, Obstfelder, Bull, Aukrust, Nygard. Kven den sekste (sic) er, torer eg ikkje segja, anten det er Bjørnson, Collett Vogt eller Øverland eller Wildenvey.» «Listemakaren» Hauge viser til, er litteraturhistorikar og omsetjar Trygve Greiff.

Sverre Tusvik åtvarar mot skråsikre domar over lesnaden til Olav H. Hauge og Profil-diktarane. «Kva Olav H. Hauge hadde på sitt guterom då han var på same alder, er det vel no berre forskarane Spaans og Myrvoll som veit?» skriv han – og refererer til illustrasjonane på Einar Øklands soverom: William Blake og Paul Klee. Tusviks argumentasjon er todelt: På den eine sida vil han vise at Økland òg interesserte seg for metafysisk dikting, og på hi sida relativiserer han heile debatten: Vi kan ikkje vita «kva bøker dei (profilistane) likte og ikkje likte». Det handlar om kva vi ikkje kan snadre om.

Vi meiner tvert imot vi kan snadre om listene til Hauge, Profil-diktarane og andre poetar, som Halldis Moren Vesaas. Diktarar og forfattarar set opp lister over favorittar – sjølvsagt ikkje som «veggprydnad», men i form av forfattarval i artiklar, presentasjonar og attdiktingar i blad og bøker. For Hauges del galdt det som sagt i dagboksform. Desse listene er det mogeleg for ein forskar å rekonstruere ved hjelp av hermeneutiske metodar.

Dessverre gav ikkje Hauge lister over dårleg litteratur. Hauge var for høfleg til den slags – og hadde han gjort det, ville dagboka hans kan hende ikkje sett dagsens ljos. Men Profil-krinsen var ikkje redde for å ytre eit litterært hierarki gjennom utdeling av den illgjetne «Votten».

Det er altså fullt mogeleg å rekonstruere favorittane åt dei nemnde forfattarane. Vi meiner listene til Hauge og Vesaas på mange punkt var samanfallande. Der Hauge i krinsen kring Framande dikt frå fire tusen år møtte ein åndeleg fellesskap, der møtte Hauge i Profil-krinsen unge forfattarar han godt kunne snadre om litteratur med, men som hadde eit ikonoklastisk program han ikkje delte. Tusvik skriv at Økland òg las Encounter, men sa det opp «dels fordi det var keisamt, dels fordi det var støtta av CIA».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement