Kva kyrkja kan gjere

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Elin Toft ber i eit lesarbrev til Dag og Tid (29. april) om at eg tek kontakt med patriark Kirill i den russisk-ortodokse kyrkja for å fortelje han kva som skjer, og kritisere hans støtte til krigen. Kyrkja kan gjere meir enn å be og vise solidaritetsgestar, minner ho meg på.

Ein skal ikkje undervurdere kva det betyr for ukrainarar, kva ein gjer for dei, og at ein gir dei ulike former for støtte gjennom bøn og arbeid.

Men det er ikkje alt ein gjer, som vert annonsert i media eller på sosiale medium. Eg har hatt kontakt med leiinga i den russisk-ortodokse kyrkja fleire gonger for å seie kva vi meiner om krigføringa, og bedt dei gjere det dei kan for å stoppe denne.

Det er også viktig å sjå kva ein kan gjere saman med andre. Eg har mellom anna hatt fleire samtalar med kyrkjeleiarar i Europa for å drøfte kva som kan gjerast. Eit møte mellom ein del kyrkjeleiarar i Europa og den utanriksansvarlege i den russiske kyrkja, Metropolitt Hilarion, som står patriarken svært nær, var planlagt av Kirkenes Verdensråd. Diverre kom ikkje Metropolitten fram, berre vi andre. Vi laga ei fråsegn som fordømte krigen og sa at det finst ikkje grunnlag i vår kristne tru og verdiar som gjer at ein kan forsvare eller legitimere denne krigen.

Eg har også ope støtta felles appell frå Den europeiske kyrkjekonferansen (protestantar og ortodokse kyrkjer) og Den katolske bispekonferansen om å få kyrkjeleiinga i Russland til å insistere på våpenkvile i påskeveka. Vårt Land har fanga dette opp.

Det er nok grunn til å tru at patriarken er godt informert om kva som skjer i Ukraina. Patriarken synest likevel å ha forplikta seg på å støtte presidentens krigføring. Det er grunn til å kritisere både at han gjer det, og måten han gjer det på. Det skjer på fleire måtar. Om det har ein verknad, er ei anna sak.