Utdanning

Kva Høgre ikkje har forstått: Leik er læring

Leik er ein viktig del av oppveksten. Desse barna leikar på ein skule i Trondheim.
Publisert

For ein liten mannsalder sidan var fleire enn eg opptekne av at samfunnsutviklinga truga den frie barndommen. Barna sin dag vart stadig meir vaksenstyrt og organisert. Barnekultur vart produsert av vaksne. Mykje av barns eigen kultur med rim og regler, gåter, songleikar og kompliserte uteleikar med sjølvprodusert regelverk, vart borte då vaksenstyrte skule- og fritidsaktivitetar trengde bort den frie leiken.

Og var det ille på åtti- og nittitalet, er det verre no. Eg vil tru at vi som budde på bygdene i min barndom, hadde 90 prosent fritid og 10 prosent undervisning. Læraren hadde eit par års utdanning etter folkeskulen. Men vi lærte å lese, skrive og rekne. I dag har born 90 prosent vaksenstyrt tid, 10 prosent fritid og lærarar med mastergrad. Korleis kan det då ha seg at så mange ikkje lærer å lese, skrive og rekne?

Etter kvart som testkulturen fekk lov å prege skulekvardagen, vart det klårt for nokon kvar at barna lærte mindre. Testresultata viste skumle fallande tendensar. Svaret var fleire timar, meir tid ved pulten, betre utdanna lærarar og ut med boka, inn med skjermbrettet.

Skulen skal vere ein stad for læring, fortel Høgre oss.

Ja visst, men er skulen den einaste staden der born lærer?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement