Natur
Kva gjer vi når nasjonaldyret slit?
Reinsimler og kalv fotograferte på Dovrefjell.
Foto: Per Jordhøy
Fjellforvaltinga er i sterkt fokus for tida. Både nedbygginga av natur og fotturismen er ute av kontroll, noko som er svært uheldig for nasjonaldyret vårt. Villreinen treng å leve ut sine livsviktige sedvanar – å vandre fritt for å utnytte vintermaten, lavet. Men slik er det ikkje lenger, for vi har sett grådyra ettertrykkeleg «på bås» og stengt tusenårige tradisjonstrekk, slik at dyra må ta til takke med sterkt avgrensa beite- og miljømangfald. Såleis får dei mindre kroppsreservar å bufre med når det trengs.
Etter arbeid i og med fjellnaturen ein mannsalder, er eg i dag skremd over kor fort grunnleggjande kunnskap forsvinn. Når villreinen slit med låg kalvetilvekst år om anna, blir det no med ein gong ropt om jaktstopp. Sjølv grupper som ferdast mykje i fjellet, ytrar seg svært kritisk til jaktuttak av dyr. Også i Dag og Tid (21. november) blir det ytra noko liknande i eit innlegg om Hardangervidda og grådyra der. Det er difor viktig med faktaopplysningar, slik at folk får ei betre forståing av dette.
For jakt er ein heilt naudsynt bestandsregulator i villreinbestandane. Nulljakt betyr ukontrollert bestandsvekst og nedbeiting av fleirårig vinterbeitegrunnlag, med svolt og fråverande dyrevelferd som fylgje. Og i landet vårt er det ikkje politisk stemning for å setje store rovdyr til å regulere bestanden. (Levande bygder med beitedyr vil ein klar majoritet i befolkninga ha.)
Mange tek også til orde for å auke bestandane slik at det er rein spreidd utover i heile leveområdet. Men dette er slett ikkje i tråd med reinsdyra sin nøysame arealbruk, der flokkane har ein veltilpassa rotasjonsbruk for å unngå nedbeiting av sårbare lavmatter/vinterbeite. Vi lærte at det tok over 40 år å byggje opp att lavbeitet på Dovrefjell, etter at bestanden vart katastrofalt stor på 1960-talet med små og utmagra dyr. I dag nyttar vi forholdet kjevelengde/slaktevekt som indikator for å overvake dyra si «livskraft», slik at vi kan balansere dyretalet med beitegrunnlaget.
Vi må byggje forvaltinga på den til kvar tid beste kunnskapen og forstanden gjennom heile styringshierarkiet. Og dette blir gjort på ein god måte. Ei anna sak er sjølve jaktutøvinga. Jaktmetodane er i stadig endring, og jakta bør kontinuerleg justerast til reinen sitt beste.
Årsaka til at det no lyser raudt, er den stadig meir omseggripande fragmenteringa av reinen sine leveområde. Dette gjer bestandane mykje mindre robuste mot skiftande miljøforhold. Kalvetilveksten vekslar til dømes mykje meir i område som har fått storleiken – og følgjeleg beitemangfaldet og dei generelle livsvilkåra – kraftig redusert eller forringa. Dette er dei underliggande problema til reinen sin attendegang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.