Kva gjekk gale?
Karl Johans gate mot Slottet 1. juni 2023.
Foto: Bjørn Brænd
Og når gjekk det gale, og kvifor gjekk det gale, og kven har skylda?
Torsdag 1. juni 2023 var det eit samkome i Oslo rådhus. Der kom utanriksministrane frå alle dei demokratiske landa i Nato. Møtet kosta 150 millionar å halde, av det 100 millionar til å samle så mykje politi som det aldri før har vore i Oslo. Med ladd revolver i hylsteret og maskinpistolar i høg aktsemd. Biletet viser ei folketom hovudgate der dei svarte bilane skyssar dei særs viktige personane opp til slottet.
Eg stod på det same gatehjørnet, Karl Johan gata/Universitetsgata, tidleg i juli 1964, for nær 60 år sidan. Da var det landsskyttarstemne i Oslo med 7000 skyttarar i byen. Den største attraksjonen, som dei fleste skyttarane ville oppleva, var at den dåverande leiaren av Sovjetsamveldet, Nikita Khrusjtsjov, var på statsvitjing i Oslo og skulle køyre (i open bil?) opp til slottet for å helse på kongen.
Det var mykje folk på båe sider av gata, eit serleg stort tal var skyttarar med Krag-Jørgensen-rifle i reim over høgre skulder og patronveske i venstre handa. Ingen politi å sjå. Ingen tenkte tanken at nokon ville statsleiaren frå Sovjet noko vondt.
Han for sin del skal ha sagt under ein visitt til ei norsk-sovjetisk ungdomsforeining at han aldri hadde kjent seg så trygg under eit statsbesøk som i Oslo, der så mange såg til og vakta på at han var i trygge omgjevnader.
Kvifor står ikkje skuleborn langsetter gatene i Oslo og vinkar med flagg når store og små kortesjar av viktige menn og kvinner køyrer att og fram i sentrum av Oslo, og kvifor får gjestene ikkje lov til å gå gjennom den vakre Studenterlunden, helse på og tale med det norske publikummet på veg til møta i rådhuset?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.