Kva er gale med demokratiet, Krugman?EUJan Erik Grindheim«Innføringa av euroen var eit gigantisk mistak», skriv den amerikanske økonomen Paul Krugman i Dag og Tid 1. juni. Innlegget handlar om Italia og dei økonomiske utfordringane landet har hatt dei sist

Publisert

«Innføringa av euroen var eit gigantisk mistak», skriv den amerikanske økonomen Paul Krugman i Dag og Tid 1. juni. Innlegget handlar om Italia og dei økonomiske utfordringane landet har hatt dei siste to tiåra, og om at demokratiet er under press i Europa og USA fordi dei politiske elitane ikkje har forstått korleis dei økonomiske problema den såkalla finanskrisa førte med seg, har radikalisert veljarane på båe sider av Atlanteren. Eg har store problem med Krugmans argument.

For det fyrste kan eg ikkje sjå at innføringa av euroen var årsak til finanskrisa som slo inn over Europa for ti år sidan. Krisa kom av ein mislukka økonomisk politikk i USA – om me kan finne nokon einskildgrunnar til at slike kriser kjem med jamne mellomrom. Eg kan heller ikkje sjå kva dei hardast råka landa skulle tent på å ha ein eigen valuta i ein slik situasjon: Skulle dei halde fram med å auka dei offentlege budsjetta, låne meir pengar og devaluere valutaen sin? Slikt har aldri hjelpt noko land på lang sikt, særleg ikkje når bedrifter og arbeidsplassar er integrerte i internasjonale marknader.

For det andre fylgjer vel den økonomiske troikaen av Europakommisjonen, Den europeiske sentralbanken og Pengefondet nett prinsipp som liknar dei dollaren blir styrt etter, med strenge felles reglar kontrollerte av overstatlege institusjonar og økonomiske støttemidlar for å redde dei nasjonale økonomiane? Korleis kan Krugman seie at eit slik institusjonelt rammeverk fungerer i USA, men ikkje i Europa? Med ein sams marknad som den EU har utvikla, er ein felles valuta naturlegvis ein fordel og ikkje ei ulempe for næringslivet i dei einskilde landa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement