Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I leiaren sin 3. mai skriv redaktør Gjerdåker at «ein ny handelsavtale med EU er om ikkje heilt urealistisk, så eit stort sjansespel vi ikkje har råd til». Med andre ord at det er for stor risiko å gje avkall på EØS-avtalen og heller satse på ein handelsavtale. Så det høyrest ut til at det einaste alternativet dersom EØS-avtalen blir avvikla, slik intensjonen var då avtalen blei inngått i 1992, vil vere fullt medlemskap i EU.
Då regjeringa og Stortinget godtok EØS-avtalen for 32 år sidan, var det ein føresetnad at avtalen ikkje skulle ha overnasjonal styring frå EU, men berre sikre norsk tollfri tilgang til den «indre marknaden». Men frå første stund blei det godteke at Noreg mellom anna måtte betale, først nokre millionar kroner, seinare fleire milliardar kvart år for denne tilgangen.
Kor mykje måtte EU betale oss for å få ein tilsvarande tollfri tilgang til den norske marknaden? Sjølvsagt null! Eg seier sjølvsagt fordi dei fleste norske politikarane både den gong og i våre dagar har sett på oss sjølve som underlegne EU, omtrent slik ein husmann i gamle dagar såg på seg sjølv i samanlikning med ein storbonde.
Kor mykje måtte EU betale oss for å få ein tilsvarande tollfri tilgang til den norske marknaden?
Avtalar med andre land som ikkje bryt med Grunnlova, må vere likestilte. Altså at begge partar har same krav og plikter. Slik har ikkje EØS-avtalen vore. Tvert om. Byråkratane i Brussel har einsidig pålagt oss stadig fleire lover og forordningar utan at dei norske regjeringane og det meste av Stortinget har kome med innvendingar som har ført til endringar. Ikkje mindre enn 15.000 EU-direktiv er inkorporerte i vårt eige lovverk. Vi har likevel ingen grunn til å kjenne oss som husmenn i høve til EU.
Norsk olje og gass skulle vere god nok grunn til å rette ryggen og sjå på oss sjølve som likeverdige. Kva er det då som er så risikabelt med å byte ut EØS med ein handelsavtale med EU under føresetnad av like vilkår? Dessutan trur eg ikkje at EU vil vere så vanskeleg å forhandle med. Dei har eit stort handelsoverskot med Noreg med unntak av olje og gass, og vil neppe risikere at vi heller kjøper bilar og andre varer frå land utafor EU dersom ein handelsavtale er ugunstig for Noreg.
Konklusjonen må bli det motsette av det redaktør Gjerdåker meiner: Ein handelsavtale med EU vil vere det beste for framtida både fordi fullt medlemskap og forlengd EØS-tilknyting tek frå oss sjølvstyre og politisk fridom. Dessutan er eit brot med EØS truleg den einaste måten å bli kvitt bindingane til EU på, mellom anna Acer som har skaffa oss nordmenn unormal høg straumrekning.
Som EØS-medlem kan vi ikkje bestemme prisen på vår eigen straum.