Kva Spaans og Tusvik ikkje kan snadre om
Olav H. Hauge
I nr. 19. av Dag og Tid pirka eg litt ved at Ronny Spaans i sin artikkel om Samlagets 150-årsjubileum av «uforståelege (?) grunnar» ville drøvtygge at det ikkje var Profil-krinsen (1966), men Skard, Moren Vesaas og Kiran (1968) som utgjorde Olav H. Hauges første møte med eit litterært miljø. Ronny Spaans oppgir at denne passusen var sniken inn som teaser [Spaans’ uttrykk] for ein venteleg fagfellevurdert artikkel om Hauge som han og Klaus Johan Myrvoll får på trykk i tidsskriftet Edda til hausten. Eg kvir meg for å pirke i om det er etisk ryddig at avisredaksjonsmedlem stikk inn slik «eigenreklame», men takkar heller for at dei raust vedgår at dette kunne ikkje Tusvik vite, og for at dei ikkje sår «tvil om at Profil-krinsen spela ei stor rolle når det galdt å inkludere Hauge i eit sosialt miljø».
Dei vil derimot finne miljø Hauge hadde åndeleg slektskap med, «ved å granske Hauges dikt og dagbok systematisk». Den systematiske granskinga deira av Hauges dagbok har avslørt at Hauge heldt det engelskspråklege tidsskriftet Encounter «gjennom heile livet, Profil og Basar berre i ein stuttare periode». (Hauge var fødd i 1908, Encounter byrja kome ut i 1953, Basar kom ut i 7 år frå 1977.) Då vi i Samlaget skulle redigere ferdig Hauges dagbøker, måtte vi dessverre utelate notar og fekk heller ikkje utvida personregisteret (på vel 5000 namn) med eit sakregister som skulle inkludere boktitlar, enkeltdikt, tidsskrift og bøker.
Eg er redd for at mange lesarar vil tykkje at Spaans og eg driv med flisespikking, og heller ikkje har eg mandat til å stå fram som våpendragar for nokon del av Profil-krinsen. Sjølv heldt eg dette studenttidsskriftet berre i dei heroisk gylne åra 1965–1969, og vi var fleire i mine studentmiljø som las Hölderlin, Trakl og Celan, utan at vi var plaga av «metafysisk tungsinn». Og vi las så vel Brecht som Stein Mehren, Eldrid Lunden og Georg Johannesen, på mammutsala kjøpte vi bøkene av Profil-forfattarar som Espen Haavardsholm, Paal-Helge Haugen, Jan Erik Vold, Liv Køltzow og Dag Solstad, og vi las Olav Aukrust trass i Tor Obrestads slaktande åtvaringar.
Spaans og Myrvoll skriv at Encounter er «eit blad med eit heilt anna litterært program enn magasin tilknytte Profil-krinsen», og legg til «Hauge las òg ein annan utlending med ‘uprofilsk’ hått: Vilhelm Ekelund». Det er isolert sett kanskje rett, men likevel undrar eg på om dei veit meir enn eg om kva profilistane las eller abonnerte på av utanlandske blad, dikt og aviser, eller kva bøker dei likte eller ikkje likte. Med utgangspunkt i at Halldis Moren Vesaas i 1958 fortel at ho har dikt av Hölderlin og Ekelund på veggen, kan Spaans og Myrvoll mandig slå fast: «Ein slik veggprydnad fanst snautt på guterommet til Profil-poetane.» Eg vaktar meg for på billig vis å minne om at Halldis i 1958 var 51 år, men vil heller hefte meg ved andre moment: Ved si systematiske gransking av dagbøkene har Spaans og Myrvoll registrert at Hauge i oktober 1966 skriv om Økland og Trakl. Og dei myndige forskarane veit å setje Profil-guten Økland på plass: «Men då hadde Hauge alt i to år gjort freistnader på å setja om Trakl til norsk. [ …] Har Trakl og Økland mykje sams som lyrikarar? Heller lite.» Tja!? i Framande dikt frå fire tusen år finn vi i 1968 Øklands og Hauges gjendiktingar av Georg Trakl og Paul Celan side om side.
Eg slutta å tinge Profil då det fekk redaktørar som var politisk snøblinde, men eg har dei samla årgangane, irekna dei åra tidsskriftet var latterleg studentikost og heitte Filologen. Og utan at eg har sett grunn til å fagfellevurdere mitt kjellarfunn: i hefte 4/1964, det vil seie same år som Hauge freista å setja om Trakl, kan ein på side 14 i det dei kalla lyrikknummer, finne diktet «Trompeter», gjendikta til prydeleg bokmål av den som står oppført som ansvarleg redaktør: Einar Økland. (Resten av redaksjonen var Tor Åge Bringsværd, Eigil Gundersen, Tor Obrestad, Eyvind Solås og Jan Brodal). Økland har også gjendikting av Robert Bly og D.H. Lawrence – til nynorsk og andre dikt/gjendiktingar er signerte av Tor Obrestad, Ivar Havnevik og Hans Jakob Brun.
Då vi la om Syn og Segn frå 10 til 8 hefte i året, opna vi i 1980 med eit temanummer om Einar Økland. Jan Erik Volds gode bidrag var «Ein ironikar i logar», mens eg ikkje fekk heilt til mitt eige og drog til Stord og skulle lage intervju og stilte altfor ærbødige spørsmål. For å varme opp utveksla vi tankar om tidsskrift, Økland hadde vore i redaksjonen av Fossegrimen 1964–1968, og frå 1977 hadde dei 11 i Basar-redaksjonen etablert seg. Vi trøysta oss med at det «tonegivande» The Criterion, redigert av T.S. Eliot, i si glanstid hadde 71 abonnentar, og eg kunne avsløre dei låge opplagstala for franske Les Temps Modernes. Økland fortalde elles at han og Paal-Helge Haugen i studietida las Klingen, Spektrum, Quosego, Helhesten og The Fifties (seinare The Sixties). Tidleg i 1960-åra hadde Økland abonnert på Encounter, men han hadde sagt det opp, dels fordi det var keisamt, dels fordi det var støtta av CIA.
Til klosset førebuing hadde eg med nettopp lyrikknummeret av Profil. Eg var mest opptatt av å tolke den litt innkrøkte tre siders leiaren hans, mens Økland var oppgitt over at eg ikkje hadde oppfatta den symbolske meininga med omslagsillustrasjonen, signert William Blake.
Saman med ein illustrasjon av Paul Klee hadde Økland hatt denne av Blake hengande på sitt guterom. Mannen går ned til ei svart sol, og han avslørte at denne sola er den som blir omtalt i diktet «I ein kjellar» i Ein gul dag, Øklands debutbok (på Cappelen) i 1963.
Kva Olav H. Hauge hadde på sitt guterom då han var på same alder, er det vel no berre forskarane Spaans og Myrvoll som veit?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»