Kunsten å rane eit land

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Under dekke av å skulle utjamne sosiale skilnadar kappast politikarar om å «ta dei rike», men dette utjamnar ingen skilnadar. Skal ein utjamne skilnadar, må elevar fullføre vidaregåande opplæring, få seg arbeid og verte verande i jobb.

Dei seinare åra har det vore ei svært positiv utvikling i gjennomføring av vidaregåande opplæring (VGO). Tala i år viser at av elevar som starta i 2015, hadde 80 prosent gjennomført VGO i 2021, altså etter 5 eller 6 år avhengig av utdanningsprogram. Dette er ein auke på over 8 prosent i forhold til elevar som starta i 2006. Dette hadde ikkje vore mogleg utan ei målretta satsing på auka gjennomføring i alle ledd frå klasserommet til Kunnskapsdepartementet.

Sjølv om 80 prosent fullfører, kan ein ikkje slå seg til ro med dette, jobben er ikkje gjort. Framleis fullfører ikkje 20 prosent av elevane. Sjølv om det er mange grunnar til at elevar ikkje fullfører, viser dei meir detaljerte tala tydelege uløyste utfordringar. Medan 92 prosent av kvinner på studieførebuande program fullfører innan 5/6 år, er same tal for menn på yrkesfaglege utdanningsprogram 68. Berre 64 prosent av elevar med innvandrarbakgrunn fullførte på normert tid, medan 82 prosent av elevar elles gjorde det same.

Det er òg store regionale skilnadar. Medan 85 prosent av elevane i Sogn og Fjordane gjennomfører, høgst i landet, er talet 70 for Finnmark. Ser ein på gjennomføring på normert tid, er tala meir nedslåande. Berre 52 prosent av elevane i Finnmark fullfører på normert tid, der fullføringsgrada i Akershus er 73 prosent. Dette utvalet av skilnadar mellom ulike grupper elevar og regionar illustrerer at det framleis er mange utfordringar for politiske myndigheiter og faglege aktørar å ta tak i.

Noreg har mellom dei lågaste tala av unge som står utanfor arbeid, opplæring eller utdanning, såkalla NEET (Not in Education, Employment or Training). Samstundes er norske NEETs i ein meir sårbar situasjon enn jamaldra i same situasjon i Europa. Utdanning er særleg viktig for å få innpass i den norske arbeidsmarknaden. Låg sosioøkonomisk status og familiebakgrunn, ikkje fullført skulegang, dårleg psykisk helse og psykososiale problem er tydelege risikofaktorar for å bli NEET, med dei alvorlege personlege og samfunnsmessige konsekvensane å vere NEET medfører. Å «ta dei rike» løyser ingen av desse problema, heller ikkje indirekte. Fullført utdanning er derimot eit sikkert kort for å redusere skilnadar.

Ikkje uventa er det ein klar samanheng mellom faglege prestasjonar på ungdomstrinnet og fullføring av VGO. Standpunktkarakterar har likevel større betyding for fullføring for elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram enn for elevar på studiespesialisering. Ein innlysande tanke er då å styrke ungdomstrinnet, men innsatsen for å sikre at flest mogleg fullfører VGO, må starte langt tidlegare. Ein studie viser til dømes at sjølvregulering i barnehagen heng saman med ferdigheiter både i matematikk og i lesing i femteklasse.

Sjølvregulering omfattar evna til å regulere eigne tankar og handlingar ved å hemme impulsar, hugse og arbeide med informasjon, i tillegg til evna til å halde og skifte fokus. Studien illustrerer at tiltak sette inn alt i barnehage og tidleg skulealder kan vere viktige for at elevane seinare skal lukkast fagleg og dermed i arbeidslivet. Ventar ein til elevane er på ungdomstrinnet, er det ikkje for seint, men det kan vere langt meir krevjande å legge til rette for å fullføre VGO.

Nyare studiar tyder òg på at elevane i VGO i aukande grad rapporterer at dei kjedar seg og har planar om å slutte. Det kan i samanlikning kanskje synast som mindre viktig om ein trivast i VGO, så lenge ein fullfører. Samstundes er forsking relativt samstemd om at elevar har betre læringsutbytte når dei er engasjerte og motiverte i læringsaktivitetane og opplever skulen som meiningsfull. Såleis vil det vere nødvendig å bidra både til auka fullføring i VGO og til at elevar som fullfører, i aukande grad opplever undervisninga som meiningsfull.

Læraren sin interaksjon med elevane er nøkkelen for engasjement i læringsaktivitetane. Av dei faktorane som i størst grad har samanheng med læring hos elevane, er kvaliteten i interaksjonen mellom lærarane og elevane den einaste skulen kan gjere noko med. Andre faktorar, som sosioøkonomisk bakgrunn og kjønn, let seg ikkje endre av skulen. Lærarar kan såleis ikkje kjempe fråfallskampen åleine.

Medan lærar og administrativt tilsette i barnehagar og skular landet over står med ryggen mot veggen og kjempar ein dagleg kamp for å få elevane gjennom utdanningsløpet, står politikarar på barrikadane væpna med billige politiske poeng med liten effekt for å utjamne sosiale skilnadar. I iveren etter «å ta dei rike» ranar politikarane landet for intellektuell kapital og unge for framtidsutsikter. Det er ein tap-tap-situasjon.